nyhende
Årsmøte om butikk i Auklandshamn: – Jobbar framleis med saka
Tysdag kveld var det årsmøte i Forretningbygg Stølen SA i Auklandshamn, kor mellom anna å starta opp att butikk vart diskutert. Leiar Kristian Wathne seier det er utfordrande å finna ein erstattar, men peikar på stort oppmøte.
– Det var eit heilt vanleg årsmøte, og me snakka også vidare om å få tak i nokon til å driva butikk, seier Kristian Wathne, leiar i Forretningsbygg Stølen SA.
Optimisme og nedtur:
Ei utfordring
Allereie sidan før forrige butikk stengde i 2022 har han jobba med å finna ein erstattar til lokalet på Auklandshamn, som no står tomt.
– Kva er status på butikken?
– Me jobbar framleis med å få tak i folk, svarar han.
Wathne vil ikkje kommentera om det er nokre interesserte eller kor mange.
– Ingenting er klart før alt er klart, seier han.
– De har jobba i lang tid med å finna folk, så langt utan hell?
– Det er ei utfordring å få folk til å driva butikk, svarar Wathne.
– Eit godt teikn
Leiaren stadfestar at målet framleis er å få på plass butikk att, og legg til at dei i utgangspunktet tek sikte på ein tradisjonell daglegvarehandel.
– Me ser jo på alle løysingar, men sannsynlegvis er ein vanleg butikk nærast, seier Wathne.
Årsmøtet var vellukka i hans auge, av særleg ein grunn.
– Det var eit heilt vanleg årsmøte, men det var veldig godt oppmøte. Det kom om lag 40 personar og det er eit veldig godt teikn tenkjer eg, avsluttar Wathne.