nyhende
Arnstad: Naturleg at Jonas Gahr Støre held fram som statsminister
Sp trekkjer seg frå regjeringa – peikar på Støre som framleis statsminister.
Senterpartiet går ut av regjeringa som følgje av usemja med Arbeidarpartiet om direktiva i EUs energipakke. Partiet meiner samtidig det er naturleg at Støre held fram som statsminister.
– Då eg hadde møte med statsministeren i stad, og han kunngjorde at Arbeidarpartiet meiner at dei bør gå vidare med å knytte oss tettare til EUs energimarknad, så er konklusjonen for min del at det vil ikkje Senterpartiet vere med på, sa Vedum då han møtte pressa torsdag ettermiddag.
– Må ikkje gi meir makt til EU-systemet
– Senterpartiets klare haldning er at det er feil for Noreg å gå vidare i den retninga. Vi må ta tilbake meir nasjonal kontroll. Og vi må ikkje gi meir makt til EU-systemet.
Kort tid i førevegen heldt Sp eit gruppemøte på Stortinget. NTBs reporter på staden melder om at det var full applaus inne på gruppemøtet, der det var venta at partiet formelt ville vedta regjeringsbrotet.
Senterpartiets åtte statsrådar går dermed no ut av regjeringa.
Peikar på Støre som statsminister
Parlamentarisk leiar i Sp Marit Arnstad seier at det er naturleg at Jonas Gahr Støre (Ap) held fram som statsminister.
– Vi har meldt til Jonas Gahr Støre at vi synest det naturleg at han held fram som statsminister
– Vi kjem til å vere eit sakleg og konstruktivt opposisjonsparti, men vi kjem til å vere heilt tydeleg at vi ønskjer ei endring i straum- og energipolitikken seier Arnstad.
– Overraska
Ho seier at fleire vart overraska over at Arbeidarpartiet la saka på regjeringas bord.
– Vi har vore klare i haldninga vår heilt sidan juni i fjor at vi ser denne pakken som ein heilskap, vi ønskjer ikkje å dele den opp bitvis, slik at vi skal akseptere bit for bit, sa ho.
– Vi ser på fjerde marknadsenergipakke som ein heilskap, og vi vart veldig overraska då Arbeidarpartiet la fram pakken til avgjerd i regjering.
EU-direktiv
Bakgrunnen for brotet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet er den såkalla Rein energi-pakken frå EU. Den vart vedteken i EU i 2019. Tre av dei åtte rettsaktene i pakken vart tekne opp til behandling i regjeringa førre veke: fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og eit direktiv for energisparing i bygg.
Senterpartiet har vore heilt tydelege på at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som innlemmar energipakken i norsk lov.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og energiminister Terje Aasland (Ap) har på si side vore tydelege på at det er nødvendig å innføre direktiva for å få unna etterslepet. EU har vist utolmod overfor Noreg og har i klare ordelag sagt at ein forventar at direktiva blir innførte.
– Svekt regjering
Noreg får no ei svekt regjering, men med akkurat same politikk som før, meiner Høgre-leiar Erna Solberg.
– Støres prosjekt var ei fleirtalsregjering av Ap, SV og Sp. No er situasjonen at han truleg må samarbeide med Raudt, SV, MDG og Sp for å ha håp om å samle fleirtal etter valet, meiner ho.
Frp-leiar Sylvi Listhaug seier ho knapt kan hugse ei verre regjering enn Ap/Sp-regjeringa, men støttar Sps EU-krav.
– Eit Senterparti som no går i opposisjon endrar ikkje realitetane. Vedum er framleis garantisten for at Jonas Gahr Støre held fram som statsminister med ein totalt feilslått politikk i Noreg, seier Listhaug.
Raudt: – Skandale for folkestyret
Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen kallar regjeringsbrotet for ein skandale for folkestyret.
– Vi kan ikkje la direktiv frå EU gå føre det norske folks interesser. Vi må ta demokratisk, nasjonal kontroll over krafta og seie nei til heile EUs fjerde energimarknadspakke. Berre sånn kan vi sikre rimeleg straum for folk og næringsliv, seier ho.
Raudt-leiaren gjer det klart at partiet no er i opposisjon til regjeringa.
– Vi har ikkje noko anna val, med ei regjering som vil flytte makt over norsk kraftpolitikk til EU, seier ho.
Melby: – Bra for Noreg
– Etter tre år er denne tilbakeskodande regjeringa ferdig, og det er bra for Noreg, seier Venstre-leiar Guri Melby.
– Det er veldig bra for Noregs tryggleik og norsk næringsliv at Støre no har stått på sitt og ikkje late seg presse til å setje EØS-avtalen i spel, seier Venstreleiaren i ein kommentar til at Sp går ut av regjeringa.
– Noregs rykte som ein truverdig partnar slår sprekkar i Europa. Viss Sp hadde fått viljen sin, ville Noregs forhold til Europa vorte alvorleg svekt i ei tid der både handelskrig og autoritære regime truar norske interesser, seier ho.
Bergstø: – Dette kunne ha vore unngått
SV-leiar Kirsti Bergstø meiner ei rein Ap-regjering er nøydd til å forhandle med den raudgrøne fellesskapen i Stortinget for å få politikken sin på plass.
– Dette kunne fint vore unngått viss vi hadde hatt ei sterk raudgrøn regjering i staden for det kaoset vi har sett den siste veka, seier Bergstø til NTB.
– Viss Sp er oppteken av låge og stabile straumprisar, meir politisk styring av kraftpolitikken, og å behalde sjølvstyret i Noreg i staden for å gi suverenitet til EU, så er det jo SV ein kan gjere det saman med, seier ho.
Ulstein: – Rotete avslutning på eit rotete regjeringssamarbeid
– Eg forstår at Senterpartiet vil ut av denne regjeringa, seier KrFs partileiar Dag-Inge Ulstein. Han kallar samtidig avslutninga av regjeringssamarbeidet som rotete.
– Manglande tiltak mot høge straumprisar kjem jo berre på toppen av ei rekke dårlege saker regjeringa har levert. Kraftige skatteaukar for næringslivet, radikalt utvida grense for fri abort og dei har late narkotikabruken auke. Støre og Vedum har ført landet i feil retning, meiner Ulstein.
– Dette blir ei rotete avslutning på eit rotete regjeringssamarbeid, avsluttar han.
Hermstad: – Rakrygga av Støre
Miljøpartiet Dei Grønes partileiar Arild Hermstad er fornøgd med at det han kallar «bremseklossen Sp» er ute av regjeringa, og rosar Jonas Gahr Støre for å vere rakrygga.
– Eg vil rose Støre for å stå rakrygga i denne saka. MDG er klar til å samarbeide og skape fleirtal for gode forslag for miljø, energitryggleik og eit nærare samarbeid med EU og nabolanda våre, seier Hermstad.
– Når bremseklossen Sp er ute, har vi eit historisk høve til å starte ein EU-debatt som er sannferdig og basert på solid kunnskap om kva tettare EU-samarbeid betyr for norsk velferd, tryggleik og demokrati, seier han.