nyhende

Arne Brimi: – Storsamfunnet treng distrikta

Å bli sett, når ein er gründer i eit distrikt som politikken har prøvd å avfolke i mange år – det gjer inntrykk, seier Arne Brimi, etter å ha fått NHO Reiselivs heiderspris.

Publisert Sist oppdatert

– Alle menneske har lik verdi, og eg trur ikkje du finn mange miljø som er så inkluderande som det reiselivet er. Me har mange trivelege og dyktige folk i alle aldrar, og mange nisjar ein kan fordjupe seg i, anten det er matfag eller som kokk eller servitør. Reiselivet har plass til alle, seier Arne Brimi.

Heider frå NHO

På Vianvang i Vågå har Brimi skapt sitt heilt eige matrike. Heilt sidan han starta som gründer for 40 år sidan, har matfilosofien til meisterkokken vore å velje mest mogleg kortreiste og sesongbaserte råvarer. I dag set han si ære i lokal verdiskaping gjennom å forvalte og formidle både mat, kultur og historie i nærkontakt med naturen i Jotunheimen.

Det er blitt lagt merke til lenge. Alt i 2005 vart Brimi utnemnt til æresdoktor ved Universitetet for miljø- og biovitskap for koplinga si mellom mat, natur og helse. Same året vart han også slått til riddar av St. Olav for innsatsen for den norske matkulturen. Førre månad var det NHO Reiseliv som ville heidre gudbrandsdølen for den heilt spesielle innsatsen han har gjort for norsk matkultur.

Berre delt ut seks gonger før

NHO Reiselivs heiderspris er berre delt ut seks gonger tidlegare. I kåringa la juryen vekt på at Brimi har bidrege til å skape ein tydelegare identitet for Noreg som matnasjon. Det har han gjort nettopp ved å søkje tilbake til røtene av norsk matkultur og i størst mogleg grad nytte lokale råvarer. Juryen peika også på at visjonen til Brimi ikkje berre har slått an på Vianvang. Tankesettet har òg fått feste i den nye nordiske gastronomien:

– Vi ser ikkje bort frå at mange av dagens suksessrike norske topprestaurantar har late seg inspirere av prisvinnaren sin ujålete og uformelle filosofi om korleis eit ekte nordisk måltid skal vere, heitte det i grunngivinga.

– Å bli sett, når ein er gründer i eit distrikt som politikken har prøvd å avfolke i mange år – det gjer inntrykk på meg. Det betyr jo at me i distrikta har kvalitetar som storsamfunnet treng, seier Arne Brimi etter å ha fått NHO Reiseliv sin heiderspris.

Distrikta = kvalitet

Hovudpersonen sjølv har enno ikkje heilt fordøya den ferske heideren.

– Det er ein veldig gjæv pris. Å få ei slik merksemd frå heile næringa – å bli sett, når ein er gründer i eit distrikt som politikken har prøvd å avfolke i mange år – det gjer inntrykk på meg. Det betyr jo at me i distrikta har kvalitetar som storsamfunnet treng, og at det ikkje er nok at det berre er byane som driv med utvikling og rekruttering. Noreg er eit mangfaldig land med mykje flinke folk, seier han.

Han legg ikkje skjul på at han er stolt av Vianvang-prosjektet, og over å ha greidd å omsetje eigne idear til ei godt besøkt verksemd langt utanfor allfarveg. Likevel er det jo til sjuande og sist folka alt handlar om når ein lever av og for å formidle mat og kultur, understrekar Arne Brimi.

Lære for livet

Heilt sidan han starta som gründer, har han vore på jakt etter menneska som kan bidra til å lyfte måltidet for kvar einskild gjest. I dag har han 15 årsverk med tilsette mellom 17 og 70 år på Vianvang. Han har alltid hatt lærlingar både på kjøkenet og i restauranten.

Akkurat no rettleiar han tre unge vaksne som med det legg grunnlaget for resten av yrkeslivet sitt.

– Det er kjempeartig – og viktig – å ha både unge og mogne folk i arbeid saman. Det er krevjande å vere ungdom i dag, og me stiller alle med ulike ting på startstreken. For meg har det difor vore eit mål å sjå heile mennesket og hjelpe dei i fasen der dei skal lære å ta ansvar for eige liv, seier han.

Brimi er kritisk til korleis utdanningssystemet dei siste tiåra har lagt meir vekt på teori, og meiner systemet har skapt mange taparar. Det er ikkje alle som har ein bachelor som mål – og det er heller ikkje alle som kjem seg gjennom eit fagbrev, seier han. Han er difor glad for at det no ligg an til å bli lagt større vekt på praktiske fag og meir valfridom i skulen.

Brimi søkte tidleg attende til røtene av norsk matkultur. Men sjølv om han i størst mogleg grad nyttar lokale råvarer, understrekar han at kokkeyrket er eit internasjonalt fag, og at han difor også nyttar meir langreiste teknikkar og råvarer ved behov.

Felles pengepott

I høve til rekruttering, har mykje av suksessfaktoren til Vianvang vore samarbeidet med opplæringskontoret Brimi-Kjøken, fortel Brimi, og er snar med å understreke at det ikkje er han som har gjeve opplæringskontoret namn.

Brimi-Kjøken vart starta av fleire eldsjeler i 2008, for å gje unge utdanning i kokkefaget etter Arne Brimis matfilosofi. Kontoret samarbeider med ei rekkje reiselivsbedrifter i Jotunheimen, og tilbyr lærlingplassar i kokk-, bakar-, servitør- og reiselivsfag.

– Opplæringskontoret har løyst mykje av det praktiske ved rekruttering. Verksemdene som er med, har lagt lærlingtilskota sine inn i ein felles pott, slik at me alle får størst nytte av det. Den tette oppfølginga og samarbeidet med fagfolk har vore utruleg bra for alle. Sidan oppstarten har minst 100 lærlingar tatt fagbrevet gjennom kontoret.

Har framleis mykje ugjort

At han sjølv no har passert 66 år og er i motsett ende av yrkeslivet, er berre endå ein grunn til å skjerpe kjøkenknivane, meiner han:

– Eg må jobbe, eg – eg har framleis så mykje som er ugjort. Å glede folk på enkle måtar har aldri vore viktigare enn det er no. For meg er drivkrafta å forvalte dei flotte råvarene me har og lære opp ungdom som skal føre arven vidare. Den reisa er det stas å vere med på. Noreg har heller aldri hatt så mange gode kokkar og gardbrukarar som det me har i dag. Det lovar godt for framtida.

Powered by Labrador CMS