nyhende

Fylkesvaraordførar i Rogaland, Arne Bergsvåg.
Fylkesvaraordførar i Rogaland, Arne Bergsvåg.

Arne Bergsvåg deler erfaringar om fylkesbyte

Torsdag 11. november blir det nytt informasjonsmøte om mogleg fylkesbyte for Sveio kommune. Møtet tek for seg konsekvensar for fylkesbyte, og er det tredje i rekkja.

Publisert Sist oppdatert

Arne Bergsvåg (Sp) har lang politisk erfaring både som tidlegare ordførar i to kommunar, og mange år som fylkestingspolitikar. I dag er han fylkesvaraordførar i Rogaland.

Då Ølen gjekk frå Hordaland til Rogaland var Bergsvåg ordførar i kommunen. No kjem han til Sveio og deler sine erfaringar. Innlegget sitt har han kalla «Fornuft eller følelser, eller kanskje begge delar.»

Kamp om skulen

– Du var for å skifta fylke den gongen Ølen gjekk til Rogaland. Kva gjekk diskusjonen ut på?

– For skule gjekk diskusjonen blant anna ut på at Rogaland hadde fritt skuleval, med fare for at elevane søkte seg vekk og skulen fekk for lite elevgrunnlag. På den tida var Ølen skulesenter for Etne, Ølen og Vindafjord. Tre kommunar i to fylke. Etter fylkesskiftet var det framleis tre kommunar i to fylke, men då med Rogaland som vertsfylke og Hordaland som kjøpte elevplassar. Hordaland valde då å oppretta eigen skule i Etne, den blei etter nokre år lagt ned att, fortel Bergsvåg.

Gris og mjølkekvotar

Eit anna tema som kom opp under diskusjonen om eit eventuelt fylkesbyte var prisane på gris. Årsaka var at Rogaland var i ei anna sone enn Hordaland.

– Me fekk støtte hjå Bondelaget om at grensa ikkje trong endrast, men landbruksdepartementet var negativ. Det var nå blitt regjeringsskifte og landbruksbruksminister Lars Sponheim hadde overtatt. Me fekk då eit frislepp på sal av mjølkekvotar og endring på grensa som då var i Boknafjorden, opplyser Bergsvåg som vil snakka meir om både dette og andre ting når han kjem til Sveio.

Powered by Labrador CMS