nyhende

Arne Aage Valen med avskrift av Valestrand formannskap sine protokollar frå 1868 til 1906.FOTO: EINAR VESTVIK
Nokre gonger er det rett å gjera det som må gjerast i staden for å venta på andre, seier Arne Aage Valen.

Arne (87) har sikra lokalhistorie

Arne Aage Valen (87) i Valevåg brukte tre-fire månader av fjoråret til å skriva av dei handskrivne protokollane for Valestrand formannskap frå 1868 til 1906. Resultatet har blitt ei bok på 291 sider i A4-format som nå blir lagt ut for sal gjennom Sveio Kystlag.

Publisert Sist oppdatert

Utgangspunktet for arbeidet til den historieinteresserte valestrendingen er kopiar av originalprotokollane som ligg ute på Digitalarkivet.

— Det er gotisk handskrift, men dei skal ha ros for svært fin handskrift, seier Valen, som understrekar at det er rein interesse som har gjort at han har lagt ned så mykje arbeid i dette. Nå håpar han at boka hans kan bli eit viktig kjeldeskrift for andre som vil setja seg inn i lokal historie.

Gjennom skrivearbeidet har Valen fått godt innblikk i dagleglivet i gamle Valestrand, men også i Sveio (Sveen) og Vikebygd.

— Det som har gjort mest inntrykk på meg, er storleiken på fattigbudsjettet. År om anna brukte dei like mykje pengar til hjelp for fattige som heile skulebudsjettet. Det seier noko om både korleis folk hadde det og om viljen til å hjelpa dei som ikkje klarte seg sjølve.

Interkommunalt samarbeid

1868 var året då Valestrand blei eigen kommune. Valen har merka seg at det fleire gonger var fellesmøte mellom formannskapa i Valestrand og Sveen, og at Vikebygd var ein del av Sveen den første tida (Vikebygd blei eigen kommune i 1902). Fellesmøta gjaldt mellom anna interkommunale saker som tilsetjing av den første distriktslegen i 1901. Dokter Kristensen sitt distrikt omfatta både Sveio, Valestrand og Vikebygd, men representerte likevel eit stort framsteg. Før 1901 hadde distriktslegen på Stord ansvaret for heile Sunnhordland.

Arne Aage Valen med avskrift av Valestrand formannskap sine protokollar frå 1868 til 1906.

Ei anna stor sak som Valen har merka seg, var debatten om utbygging av hovudvegen til Tittelsnes. Den gongen var Valestrand i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, noko som mellom anna førte til at formannskapet skreiv til kongen i Stockholm og bad om hjelp. Valen ser ein samanheng mellom den dårlege kommuneøkonomien og slutten på dei store sildefiskeria på våre kantar rundt 1870. Mange hadde satsa for einsidig på fiske og forsømt gardane sine, meiner Valen.

Sjømann og slektsgranskar

Boka med formannskapsprotokollane i forståeleg skrift er produsert av Kopi Knut Fagerland i Haugesund, så langt i eit ganske lite opplag. Men produksjonsmetoden tilseier at det raskt kan produserast nye kopiar.

I tillegg til at Sveio Kystlag står for utgjeving og sal av boka, har Valen også vore i kontakt med Sveio kommune med spørsmål om dei vil kjøpa nokre eksemplar. Det spørsmålet har han enno ikkje fått svar på.

Arne Aage Valen starta yrkeskarrieren sin på sjøen og utdanna seg etter kvaret til telegrafist. Dei siste 30 åra jobba han på plattform i Nordsjøen. Som pensjonist har Valen arbeidd mykje med slektsgransking og slektsregistrering. Gjennom dette arbeidet har han i stor grad Brukt Digitalarkivet, der han også blei kjent med formannskapsprotokollane.

— Eg skulle gjerne ha skrive av skuleprotokollane også. Dei trur eg inneheld mykje interessant, men skrifta er mykje blassare og vanskelegare å tyda der enn i formannskapsprotokollane, seier han.

Bildetekst:

Arne Aage Valen med avskrift av Valestrand formannskap sine protokollar frå 1868 til 1906.

Foto: Einar Vestvik

Powered by Labrador CMS