nyhende

Arild har samla 80 år med nynorsk platehistorie – og gjort kulturskatten tilgjengeleg for alle

Viss du likar nynorske plater, ja – populærmusikk på verdas vakraste språk, vel – då har Arild Torvund Olsen laga ein spennande, hendig og fargerik portal inn til desse skattane for deg. «Slagersong og svartmetall» inneheld, bokstavleg tala, noko for ein kvar smak.

Publisert Sist oppdatert

Kort om «Slagersong og svartmetall»

Bokomslaget fortel om mange godbitar frå den nynorske populærmusikken. Foto: Privat

  • I boka Slagersong og svartmetall kan du vera med på dei første 80 åra med nynorsk populærmusikk på vinyl.
  • Meir enn 60 plater har fått eigen omtale, krydra med detaljar frå innspelingane og mottakinga platene fekk. I tillegg er ei mengd små omtalar av andre plater.
  • Boka er gjennomillustrert med 266 plateomslag, over 50 artistfoto, gamle annonsar, plakatar og anna. Her er plater som du ikkje visste fanst, plater som du hugsar, og plater du gler deg til å høyra på.
  • Og viss du vil høyra så inneheld boka også ein nedlastingskode for Spotify, der du kan høyra songar frå boka. I tillegg er det også laga ein fire timars video (!) rundt prosessen med å fotografera LP-omslaga til utgjevinga.

Det var garantert ikkje det han såg for seg, då han kjøpte si første LP-plate som 9-åring på Sotra, Arild Torvund Olsen. Det var heller ikkje nett nynorsk som opptok han der i platebutikken. Nei, den første plata han kjøpte denne dagen var med Iron Maiden. Men kanskje var det nettopp valet av den engelskspråklege tungrocken som gjorde at han lærte seg å få eit breitt innsyn i vinylverda?

– Eg trur ikkje foreldra mine delte den unge musikksmaken min, og konsekvensen var at eg raskt fekk eigen platespelar, som eg kunne ha på rommet, fortel han om det som gjorde at han som ung fekk ein tettare og vidare kontakt med vinyl og etter kvart utvikla sin personlege smak.

Platesamlinga voks og voks

Eigen platespelar førte til at han byrja med det mange andre unge gutar gjorde på den tida, nemleg laga si eiga platesamling. Men det gjekk ikkje lang tid før dette vart av ein heilt anna og mykje meir systematisk karakter enn for dei fleste andre.

– Eg var nok tidleg ein «systematikar», minnest han frå Eiksund på Sunnmøre der han bur i dag.

Platesamlinga voks. Dei første åra slett ikkje med mest norsk musikk, men etter kvart som han vart meir og meir oppteken av nynorsk vart det tilsvarande auke av plater med nynorske tekstar i samlinga.

Plata «Einsamflygar» av Kenneth Sivertsen. På debutalbumet sitt serverte sunnhordlendingen ei blanding av jazz og viser.

Laga liste

Men det var først rundt 2012 at han byrja på den vegen som har resultert i boka som kom tidlegare i haust.

– Det voks gradvis fram dette, denne lidenskapen – og på denne tida starta eg med å laga ei liste over platene eg hadde med nynorske tekstar.

– Det balla fort på seg, for då eg gjekk gjennom kva eg hadde, måtte eg etter kvar også sjekka kva eg ikkje hadde som var gjeve ut. Eg brukte mykje tid på å leita fram plater med nynorske tekstar og grov meg djupt ned i alle slags historier bak, eg noterte ned alt, laga eit dokument der eg samla all informasjon og summerte opp alle desse forteljingane, seier han.

Store hol

Då han hadde drive på med dette heime på Sunnmøre i nokre år konstaterte han at det var store hol – det mangla svært mykje om denne delen av den nynorske kultursoga.

Nynorske plater var rett og slett ikkje dokumenterte på noko vis, noko som gjorde at han vart endå meir bestemt på at han skulle bidra med det han kunne med samlinga si på over 500 plater med nynorske tekstar. Så kom Fonna Forlag og forlagssjef Kjartan Helleve på bana seint i 2022 og bokballen byrja å rulla.

– Eg hadde eit godt grunnlag, men brukte halvtanna år på å skriva og systematisera alt dette stoffet, fortel Arild. Boka er illustrert med 266 avfotograferte platecover, og mange bilete av gamle og nyare artistar frå Deep River Boys, Nora Brockstedt og Ivar Medaas via Olav Stedje, Eddie Zoltans og Saft til Odd Nordstoga, Ingebjørg Bratland, Vreid og Oddvar Torsheim.

Stor variasjon

– Nynorske plater har ein svært stor variasjon å by på, seier forfattaren, som har intervjua mange av artistane, fått spennande bilete frå ulike arkiv og fått uvurderleg hjelp frå Fylkessenter for digitalisering av kulturarven i Møre og Romsdal til avfotografering av alle LP-omslaga.

Gjennom denne prosessen har han fått eit uvanleg godt innsyn i mangt og mykje som har rørt seg i og rundt den nynorske musikkverda i åra mellom 1938 og 2018, og han er ikkje tvil om at 70-talet var spesielt spennande, at ein mann som Audun Tylden, platedirektør med aner frå Sogndal har betydd svært mykje gjennom plateselskapa Slagerfabrikken og Tylden & Co.

Og berre for å gjera det heilt klart, for at ein song skal reknast som nynorsk populærmusikk i boka hans, må songteksten vera skriven på nynorsk og sungen så nært opp mot slik han er skriven.

Plata «Tredje Stedje» frå Olav Stedje. Sogndølen gav nynorsk popmusikk eit gjennombrot på åttitalet.

Olav Stedje stor

– Kva nynorsk artist er så forfattaren sin favoritt?

Han dreg litt på det …

– Det kjem an på dagsforma om det er Olav Stedje eller Enslaved til dømes. Men det er liten tvil om at Stedje er den dei fleste først kjem på når det blir snakk om dette temaet. Elles er eg vorten utruleg imponert over Ivar Medaas i denne prosessen, kor allsidig han var og kor mykje han har bidrege med, konstaterer Arild som veit at det framleis er mykje nynorsk populærmusikk frå denne perioden å grava i, spesielt frå 1970-talet.

– Og det meste av det eg tenkjer på då har aldri kome ut på plate. Men opptaka er der, så kven veit..? spør nynorsk populærmusikks beste venn, Arild Torvund Olsen.

Powered by Labrador CMS