nyhende
Årets julimånad var den tredje varmaste som er registrert i verda
Førre månad var den tredje varmaste julimånaden som nokon gong er registrert på verdsbasis, ifølgje EU-forskarar. Skandinavia var eitt av områda med uvanleg høge temperaturar.
Gjennomsnittstemperaturen ved jordoverflata var på 16,68 grader, ifølgje berekningar gjort av EUs klimaovervakingsteneste C3S.
Dette var 1,25 grader over førindustrielt nivå. Sjølv om juli var uvanleg varm i eit historisk perspektiv, var temperaturane lågare enn i fjor og forfjor.
Ein to år lang periode der dei aller fleste månadene var meir enn 1,5 grader varmare enn i førindustriell tid, ser no ut til å vere over.
1,5 grader er sette som «grense» av verdssamfunnet for å avgrense den globale oppvarminga til eit forholdsvis trygt nivå.
– Har ikkje stansa
– To år etter den varmaste julimånaden som nokon gong er registrert, er rekka av globale temperaturrekordar broten. Men det betyr ikkje at klimaendringane har stansa, seier direktør Carlo Buontempo i C3S i ei fråsegn.
– Vi held fram med å sjå verknaden av at verda blir varmare, legg han til.
Blant områda som i juli skilde seg ut med uvanleg høge temperaturar, var Himalaya-fjella, Kina, Japan og Skandinavia.
Sverige og Finland var sterkt påverka av hetebølgjer, ifølgje C3S. I Noreg var det hetebølgjer i alle fylka, ifølgje Meteorologisk institutt.
Hetebølgja i Evenstad i Stor-Elvdal var den lengste som nokon gong er registrert i Noreg – med 15 dagar på rad med temperaturar på minst 27 grader.
Rekordvarme i Norskehavet
Pakistan og det nordlege Kina opplevde kraftig regn og flaum førre månad. Skottland og Hellas sleit med å få kontroll over brannar i terrenget, som auka i styrke etter vedvarande tørke.
Også søraust i Europa var det svært varmt, og i Tyrkia vart det for første gong målt temperaturar over 50 grader.
I Norskehavet, delar av Nordsjøen og eit område i Nord-Atlanteren vart det målt rekordhøge temperaturar ved havoverflata. På verdsbasis var den gjennomsnittlege havtemperaturen den tredje varmaste som er registrert i juli.
Også i Noreg var snittemperaturen førre månad den tredje varmaste som nokon gong er registrert i ein julimånad.