nyhende

Døme på nødvarsel

Årets første nødvarsel kjem i dag

Onsdag 8. januar klokka 12.00 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile Noreg testa i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Publisert Sist oppdatert

Dette skjer når Nødvarsel blir testa

  • Testen blir utløystmellom klokka 11.55 og 12.10 den 8. januar 2025
  • Når du mottar testen vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund.
  • Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.

Varselet kan «dras» vekk eller fjernast ved å trykka «ok». Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har.

Teksten i varselet kjem i to språkversjonar – éin norsk og éin engelsk.

Her finn du svar på vanlege spørsmål.

Kven får nødvarsel?

Nødvarsel går via mobilnettet og ut til alle mobiltelefonar i eit definert område. Her vil varselet bli mottatt og visast på alle mobiltelefonar som er

  • skrudd på
  • kopla til mobilnettet (4G/5G)
  • kompatible (oppdatert med nødvendig programvare) for å motta Nødvarsel

Sagt på ein annan måte – desse einingane kan motta Nødvarsel:

  • Android telefonar med operativsystem Android 11 eller nyare og Google play oppdateringar frå mars 2023 eller nyare
  • Smartklokker og telefoner som har Android GO støtte frå Android 13 og nyare
  • Apple-telefonar som er iPhone 8 eller nyare og som er oppdatert med iOS 16.2 eller nyere
  • Apple watch som er oppdatert med watchOS 9.2 eller nyare
  • Smartklokker som brukar wearOS

Høyreapparat og nødvarsel

NAV Hjelpemiddelsentral, Phonak, Cantec AS og GN Hearing Norway AS har testet hvordan ulike høreapparater fungerer med Nødvarsel.

På denne oversikta finn du testresultata.

Powered by Labrador CMS