nyhende
Årelang kamp for ytringsfridom etter fatwa og drapsforsøk
Ei blanding av slump og engasjement førte til at fatwaen mot Salman Rushdie og drapsforsøket på forleggjar William Nygaard nesten skulle bli altoppslukande i livet til journalist Odd Isungset.
– Denne saka representerer eit grovt angrep på ytringsfridomen. Eitt av dei grovaste vi har sett etter krigen. Det er eit uttrykk for statsterrorisme, og slik sett er det heilt utoleleg at saka ikkje er løyst. Det er den store samfunnsmessige overbygninga som har vore drivkrafta mi, fortel Odd Isungset til Nynorsk pressekontor.
Vi møter han utanfor lokala til Aschehoug forlag ein kald haustdag i oktober – nesten nøyaktig 30 år etter at dåverande forlagssjef William Nygaard i Aschehoug blei skoten og skadd utanfor heimen sin. Angrepet på Nygaard, fatwaen som blei lyst ut mot Salman Rushdie nokre år før og knivangrepet same mann blei utsett for i august i fjor er tre hendingar som verkeleg har prega livet til Isungset.
Slump
– Eg var på jobb i NRK Dagsnytt i 1989 då Khomeini proklamerte fatwaen sin og eg var vaktsjef i TV 2 den dagen William Nygaard blei skoten. Dette gjorde at eg tidleg fekk denne saka tett på meg, seier Isungset.
Året etter angrepet på Nygaard blei Isungset redaksjonsleiar i dokumentarprogrammet Dokument 2. Då kom saka endå tettare på han.
– Ein kollega hadde møtt ei kjelde frå eit kriminelt nettverk på eit advokatkontor som hevda å vite kven som skaut Nygaard. Han hadde ein del detaljar, men ville ikkje seie meir om han ikkje fekk klekkeleg betaling. Det var heilt uaktuelt for oss, men vi gav ikkje opp likevel. Det eine førte til det andre og eg fekk mitt første møte med Nygaard. Eg drista meg til å spørje om han ville vere villig til å stille i ein dokumentar og svaret var resolutt nei. Han ville ikkje sutre om si eiga sak i tide og utide. «Kom tilbake viss du har noko substansielt nytt», sa han. Så då måtte vi finne noko substansielt nytt, seier Isungset.
Underlege episodar
Sidan gjekk det slag i slag for Isungset. Han besøkte Iran og møtte generaldirektøren i utanriksdepartementet der og han reiste til New York og møtte Rushdie. I 2007 blei saka lagt bort i det stille utan at ein gong Nygaard sjølv blei orientert. I 2008 laga Isungset ein TV-dokumentar med sterk kritikk av politiarbeidet. Det førte til at saka blei gjenopna og flytta til Kripos. Det blei òg opna gransking mot kriminalsjefen i Oslo for uforstand i tenesta og grovt inngrep overfor sentrale samfunnsinstitusjonar.
Ein norsk-pakistanar med namn Ali var lenge i søkjelyset til politiet og vart òg arrestert. Han var ein av få som eigde same type våpen som Nygaard blei skoten med. Han hadde kjøpt store mengder av den ekspanderande ammunisjonen som blei brukt i Dagaliveien, og han reiste til Iran med einvegsbillett dagen etter attentatet.
– Den arresterte var ein nær venn av stortingsrepresentant Jan Simonsen, og dei to hadde mellom anna drive skytetrening med luftpistol i kjellaren på Stortinget. Dette er ein av mange underlege episodar i denne krimforteljinga, seier Isungset.
Ny utvikling
Journalist Isungset har òg gitt ut tre bøker om saka – den siste Blodspora frå Dagaliveien kom ut no i haust. Han hadde ingen konkrete planar om å gi ut ei ny bok om saka, og takka først nei då Samlaget tok kontakt, men så skjedde det igjen utvikling.
– To personar blei sikta for angrepet mot Nygaard og så blei Rushdie angripen. Førre bok kom i 2010 og eg fann ut at det no var på tide å oppdatere.
Når ein som journalist kjem så tett på ei sak, som det Isungset har vore med Nygaard- og Rushdie-saka, er det naturleg å tenkje at den i periodar blir altoppslukande. Vi spør han om engasjementet har påverka privatlivet.
– Det er klart at når eg har vore nær publisering eller i sluttspurten av eit eller anna så har det har prega oss litt. Alle kjenner nokon som berre er oppteken av ei sak og skal pense inn på den i alle sosiale samanhengar. Slike folk får ein monoman diagnose. Det må eg av og til fleipe med, og er veldig opptatt av at eg aldri skal ta initiativ til å snakke om denne saka i sosiale samanhengar, for eg vil ikkje vere ein slik. Men så oppdagar eg ofte til min store glede at folk er veldig opptatt av det og tek initiativ sjølve, fortel han.
Ytringar under press
Når ein journalist vier ein så stor del av det yrkesaktive livet sitt til ei sak er det ofte med bakgrunn i at vedkommande meiner saka er viktig for allmenta. Det gjeld òg i denne saka. Isungset meiner saka i seg sjølv er eit grovt angrep på ytringsfridomen og peikar på at den stadig er under press.
– 1989 er eit tidsskilje. Denne saka representerer eit angrep på heilt sentrale samfunnsverdiar – noko også Riksadvokaten og Kripos har slått fast.
Han meiner likevel at den grunnleggjande diagnosen for ytringsfridomen i Noreg er at «det står bra til».
– Ytringsrommet har aldri vore større enn no. Men den korte avstanden frå tanke til publisering har og gjort at det har dukka opp nettroll som ønskjer å polarisere og som har fått eit rom for å ta ut eigen frustrasjon. Det ser eg på som urovekkjande, seier Odd Isungset.
Han er òg uroleg for det han kallar ei polarisering i religionskritikken.
– Det er dessverre slik at det er enklare å karikere og harselere med kristendom enn islam. Det såg vi tydeleg då karikaturstriden herja. Det å kritisere Islam blir møtt med veldig sterke reaksjonar. Reaksjonar som no spreier seg verda rundt med to tastetrykk. Så er det òg eit spørsmål om kva vi meiner med religionskritikk. Eg må seie at det er ein del religionskritiske ytringar eg syns er verdilause, men det rokkar ikkje ved prinsippet.
Forfattarens veg tilbake
Enno dukkar det opp element i saka som på nytt gjer ho aktuell – det gjer at Isungset aldri greier å leggje ho heilt frå seg. Seinast 22. oktober i år blei Salman Rushdie tildelt fredsprisen til dei tyske bokhandlarane. Den utdelinga følgde Isungset på skjerm frå Oslo.
– Dette er ein av dei første gongene Rushdie er i offentlegheita etter knivangrepet. Nærværet hans representerer forfattarens veg tilbake til livet, fortel Isungset.
Like etter at boka til Isungset kom ut fekk han òg vite at Kripos har avslutta etterforskinga av attentatet mot William Nygård.
– Dei har avslutta det dei har halde på med sidan 2009 og oversendt saka til statsadvokaten med ei innstilling vi ikkje får vite kva er for noko. Advokat Hallvar Helle har tolka det som at innstillinga går mot at saka blir lagt bort og det vil eg sjå på som ein skandale. Eg er spent på kva som kjem og viss saka blir lagt bort kjem eg heilt sikkert ikkje til å klare å sitje stille i båten, seier Isungset engasjert.
– Blir det fleire bøker?
– Nei, då kjem folk til å tru eg er galen, avsluttar journalisten lattermildt.