nyhende

Arbeidstilsynet: Kriminelle aktørar utnyttar sakshandsamingstida

Det tek tid frå Arbeidstilsynet gir varsel om gebyr til gebyret blir effektuert, og i mellomtida slår fleire kriminelle aktørar seg konkurs. No gjennomgår styresmaktene verkemiddelapparatet. Frå neste år kan mellom anna makstaket på tvangsmulkt bli auka frå to til seks millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

– Vi veit at dei skjulte kriminelle nettverka er der, og at dei ikkje følgjer arbeidsmiljølova for å få mest mogleg profitt. Omfanget av aktiviteten er vanskeleg å anslå. Truleg utgjer den ein stad mellom 12–60 milliardar kroner i året, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, til Nynorsk pressekontor.

I fjor auka Arbeidstilsynet innsatsen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. I tillegg til meir samarbeid med Nav, politiet og Skatteetaten, vart det også gjennomført svært mange tilsyn. Dei fleste av dei skjedde i bygg-og anleggsnæringa, men også overnattings- og serveringsbransjen vart følgt tettare for å kontrollere om dei tilsette har lovlege arbeidsvilkår. Det same gjeldt varehandel, fiskeri, reinhald og bilpleie.

– Brota på regelverket skjer særleg i næringar der det er høgt innslag av utanlandske arbeidstakarar, fysisk arbeid og låge krav til formalkompetanse. Sårbare arbeidstakarar, ofte utanlandske, blir utnytta gjennom låg løn, dårlege vilkår og innkvartering som ikkje er i samsvar med krava. Hjå dei same verksemdene er mykje av omsetnaden svart, og me ser også at arbeidsgjevarane utnyttar Nav-systemet, fortel Vollheim.

Konkursryttarar

Tilsyna i fjor avdekte til dømes lovbrot hjå sju av ti av dei over tusen kontrollerte aktørane i utelivsbransjen. Samla vart det vedteke 1915 pålegg for brot på alt frå arbeidskontraktar, overtidsbetaling og minstelønn. Snittet på gebyra var på noko under 90. 000 kroner, medan det høgste låg på 800. 000 kroner.

– Våre verkemiddel er tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, men fordi vi må følgje forvaltningslova, tek det tid frå vi gir varsel om gebyr til gebyret blir effektuert. Fleire av aktørane slår seg konkurs i mellomtida, seier Vollheim.

Dette er ein av grunnane til at Stortinget og regjeringa no har ein gjennomgang av heile verkemiddelapparatet, for å sjå korleis dei meir effektivt kan stanse verksemder som utgjer ei overhengande fare for liv og helse. I andre land kan tilsyna til dømes gje gebyr på staden.

Kalkulert risiko

– Frå neste år blir makstaket på ovetredingsgebyr truleg vedteke auka frå to millionar til seks millionar kroner, eller 4 prosent av verksemda si omsetning. Det vil hjelpe. Samstundes er det ikkje pengar aleine som slår ut desse aktørane, fortel Vollheim.

Ho nemner den såkalla Lime-saka som døme, der tolv personar knytt til den nedlagde daglegvarekjeda Lime vart dømde for menneskehandel, tvangsarbeid, trygdesvindel, momssvindel og anna grov kriminalitet. Bakmennene skal mellom anna ha fått dei tilsette sjukmelde medan dei jobba vidare i butikkane, slik at millionar av Nav-kroner gjekk rett inn i det kriminelle systemet. Saka gjekk i rettssystemet i seks år. I den tida hadde bakmennene mellom anna starta ei ny lågpriskjede.

– Dei kriminelle tek alltid ein kalkulert risiko og veit å utnytte tidsfaktoren. Dei skiftar fort geografisk tilhaldsstad eller bransje om dei veit at styresmaktene er på sporet, fortel Vollheim.

Forbrukarane lurt

Dei siste ti åra har Arbeidstilsynet også gjennomført cirka 550 tilsyn med kommunar, fylkeskommunar, statlege verksemder og offentlegrettslege organ. I sju av ti tilsyn vart det funne brot på regelverket om krav til kontroll og oppfølging av kontraktar.

Vollheim påpeiker at alle verksemder har ei sjå til-plikt ved bruk av underleverandørar. I praksis inneber det mellom anna eit ansvar for å sjekke arbeidsvilkåra hjå underleverandørane, og at minstelønskrava i den aktuelle bransjen blir følgt.

– Det er viktig ikkje å vere naiv i møte med tilbydarar, og hugse at dei kriminelle ofte gjer alt dei kan for å framstå som profesjonelle og lovlydige. Vanlege forbrukarar blir også ofte lurt opp i situasjonar som gjer at dei får doble kostnader fordi dei må rette opp i feil useriøse aktørar har påført dei.

Ho ber forbrukarane om å tenkje seg om når dei kjøper tenester. For å sikre rettane og arbeidsforholda til arbeidstakarar må til dømes alle som leverer tenester som dekkskift, dekklagring, manuell bilvask og anna bilpleie ha godkjenning av Arbeidstilsynet. Det same gjeldt reinhaldsbransjen:

– Godkjenninga sikrar at tilsette har HMS-kort, nødvendig verneutstyr og at verksemda har oversikt over farlege kjemikaliar. Vi har lagt ut ei oversikt over alle godkjende verksemder på nettsidene våre og oppmodar folk til å sjekke der. Og om ein får tilbod som verkar for gode til å vere sanne, er det all grunn til å vere kritisk. Som forbrukar har ein stor makt gjennom å velje kven ein kjøper tenester frå, seier Trude Vollheim.

Powered by Labrador CMS