nyhende

– At fleire kjem i jobb betyr mykje for enkeltmenneske, bedriftene som treng folk, og lokalsamfunnet som heilskap, seier Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland.
– At fleire kjem i jobb betyr mykje for enkeltmenneske, bedriftene som treng folk, og lokalsamfunnet som heilskap, seier Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland.

Arbeidsmarknaden blir stadig betre

I juni var arbeidsløysa i Sunnhordland til saman 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Det er no 670 heilt ledige i regionen.

Det første halvåret av 2021 har arbeidsløysa gått ned i takt med at det har blitt færre smittevernstiltak.

– Me trur utviklinga vil halde fram. Viktige drivarar er optimisme i arbeidsmarknaden, vaksineringa som er godt i gang og ei skikkeleg gjenopning av samfunnet. Samstundes veit me at det er utfordringar som me må jobba vidare med, seier Anlaug Rygg Svensen.

Ho siktar då blant anna til tal som viser at 716 arbeidssøkjarar i juni også stod registrert som ledig før koronapandemien eller i bølgja som kom.

I Sunnhordland var det i juni lågast arbeidsløyse i Kvinnherad (1,5%). Størst nedgang er det på Stord med 30 færre heilt ledige. Stord (2,7%) har også den høgaste arbeidsløyse i Sunnhordland. Blant dei heilt ledige er det små variasjonar mellom kommunane.

Powered by Labrador CMS