nyhende

Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Arbeidsløysa går ned – 55 utan arbeid i Sveio

Publisert Sist oppdatert

I Sveio er det i desember registrert 55 heilt arbeidsledige, det er to færre enn same tida i fjor. Tal frå NAV fortel at 13 av arbeidssøkarane er i tiltak.

Tar ein eit overblikk på regionen Sunnhordland går det rette vegen denne månaden – sidan november har 47 arbeidsledige fått seg jobb, no er arbeidsløysa på 2,6 prosent. På landsbasis er snittet 3,8 prosent.

– Me avsluttar no eit svært krevjande år, der me har opplevd ei krise ulik alle andre. Koronakrisa råka oss då aktiviteten i arbeidsmarknaden var på topp. Ein av konsekvensane vart ei skyhøg arbeidsløyse. Heldigvis kom aktiviteten raskt i gong igjen for fleire, og det er gledeleg å sjå at mange har kome attende i jobb, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Arbeidsløysa var på det meste 7,5 prosent av arbeidsstyrken i mars månad. Over 2 300 heilt ledige var registrert hos NAV.

– Arbeidsløysa er framleis høgare enn før koronakrisa, og det vil ta tid før arbeidsmarknaden er normalisert. Den største bekymringa vår er for dei unge, personar utan utdanning, langtidsledige og permitterte i næringar som vart hardast råka av krisa. Me er også spent på om det er alle bedrifter som vil klare seg gjennom denne tida, seier Astrid Østerlid.

Powered by Labrador CMS