nyhende

Overskotet i næringslivet auka med 100 milliardar dei to første åra med Arbeidarpartiet i regjering, like mykje som i dei åtte åra Høgre sat i regjering, skriv Linn Therese Erve og 10 andre sentrale Ap-politikarar i Sunnhordland. Arkivfoto: Torsteim Tysvær Nymoen
Overskotet i næringslivet auka med 100 milliardar dei to første åra med Arbeidarpartiet i regjering, like mykje som i dei åtte åra Høgre sat i regjering, skriv Linn Therese Erve og 10 andre sentrale Ap-politikarar i Sunnhordland.

«Arbeiderpartiet gir næringslivet trygge og føreseielege vilkår»

Publisert Sist oppdatert

Sunnhordland og Noreg står ovanfor store utfordringar, og haustens val handlar om kva samfunn me ynskjer for framtida. Høgre vil endre kurs – men kva for ein kurs vil dei eigentleg ha? Etter tre år med Arbeidarpartiet sin aktive næringspolitikk peikar pilene rett veg, med eksportrekordar og historisk låg arbeidsløyse. Er det denne kursen Høgre vil vekk frå?

Høgre sine spinndoktorar i Oslo prøver desperat å svartmale situasjonen i norsk næringsliv, men tala fortel ei anna historie. Etter å ha rydda opp etter Høgre og Erna Solberg, ser me at Arbeidarpartiet sin politikk byrjar å virke.

Nyleg besøkte Vestland Arbeidarparti Bømlo Skipsservice i Langevåg, der talet på tilsette har dobla seg sidan 2019. Bedrifta har investert i det som er Europas største skipskran og auka omsetninga med 120 millionar i 2024. Det er framoverlente bedriftsleiarar og fagarbeidarar i verdsklasse som gjer dette mogleg.

Og det er ikkje berre i Sunnhordland det går bra. I 2023 investerte norske bedrifter for heile 500 milliardar kroner, investeringane har aldri vore så høge. Overskotet i næringslivet auka med 100 milliardar dei to første åra med Arbeidarpartiet i regjering, like mykje som i dei åtte åra Høgre sat i regjering. Eksporten i 2023 nådde 1200 milliardar kroner, ei auke frå 2021. Sjømatnæringa set eksportrekord etter eksportrekord, mykje takka vere eksportregionen Sunnhordland.

Det er trist at Høgre snakkar ned dei gode resultata som Bømlo Skipsservice og andre bedrifter i Sunnhordland har jobba hardt for å levere. I staden for å snakke ned næringslivet i Sunnhordland, lyttar Arbeidarpartiet.

Våre bedrifter er tett kopla til ei verd prega av utryggleik med krig og handelskonfliktar. Difor er Arbeidarpartiet no på jobb for næringslivet. Me skal vere garantisten for EØS-avtalen og eit tett samarbeid med våre viktigaste handelspartnarar i Europa. Me skal halde selskapsskatten nede og gje føreseielege vilkår til bedriftene gjennom ein aktiv næringspolitikk der fellesskapet stiller opp.

Sunnhordland skal vere i front i det grøne skiftet – og Arbeidarpartiet vil leie an. Som statsminister Jonas Gahr Støre har sagt så mange gonger før: Lykkast Vestlandet, så lykkast Noreg!

Benjamin Jakobsen, stortingskandidat for Arbeiderpartiet

Linda Monsen Merkesdal, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet

Ulvar Akselsen, stortingsrepresentant frå Sunnhordland for Arbeiderpartiet

Gaute Straume Epland, gruppeleiar for Stord Arbeidarparti

Synnøve Bakke, ordførar i Tysnes kommune

Thea Vaage, fungerande ordførar i Kvinnherad kommune

Andreas Grumheden, varaordførar i Etne kommune

Linn Therese Erve, gruppeleiar for Sveio Arbeidarparti

Mari Pedersen Totland, gruppeleiar for Bømlo Arbeidarparti

Anja Heggholmen, gruppeleiar for Austevoll Arbeidarparti

Jarle Helland, gruppeleiar for Fitjar Arbeidarparti

Powered by Labrador CMS