nyhende
Arbeidar vidare med turveg som skuleveg
Fleirtalet i kommunestyret vil framleis prioritera strekningane Lio-Auklandshamn skule og Nygård-Sveio Golfpark for vidare arbeid med turveg som skuleveg. Og dei vil ha ein framdriftsplan for prosjektet.
– Rådmannen må koma med ein indikativ timeplan i første møteserie i 2025. Denne timeplanen skal innehalda estimert tidspunkt for investeringsavgjerd, heiter det i vedtaket, som blei gjort med 19 mot seks røyster. Framstegspartiet og Tverrpolitisk Fellesliste sine representantar utgjorde mindretalet.
Tanken om turveg som skuleveg blei først omtalt i Vestavind i januar i år og deretter presentert på eit folkemøte på Auklandshamn skule. Ein statusrapport om prosjektet låg føre 12. juni. Denne tok kommunestyret til vitande på møtet måndag.
Dialog med fylkeskommunen
Bortsett frå pålegget om timeplan, har vedtaket mykje til felles med rådmannen sitt opprinnelege forslag, som også fekk støtte i hovudutval oppvekst og kultur. Det inneber at kommunestyret også går inn for vidare dialog med Vestland fylkeskommune om fylkeskommunal finansiering av skuleveg frå Rophus til Vikse skule og om sikker kryssing av Tittelsnesvegen ved avkøyrslene til Solstad og Sveio sentrum.
Kommunestyret vedtok også å setja av 400.000 kroner kvart til vidare planlegging i investeringsbudsjetta i perioden 2025-2028. Dette er 100.000 mindre kvart år enn rådmannen hadde foreslått, men 100.000 meir enn mindretalet ville bruka til planlegging av sikre skulevegar.
– FAU må involverast
Forslaget som fekk fleirtal i kommunestyret, blei presentert av John Kristian Økland (H) på vegne av dei partia som utgjorde fleirtalet. For eiga rekning kom Økland med ein appell til administrasjon.
– Det er viktig å involvera foreldrerådet sine arbeidsutval (FAU) ved dei berørte skulane i det vidare arbeidet med desse prosjekta. Eg kan ikkje sjå at FAU har fått uttala seg om dei forslaga som ligg føre så langt, sa Økland mellom anna.
– Handlar om økonomi
– Denne saka handlar først og fremst om økonomi. Målet er å redusera utgiftene til skuleskyss. Då er strekninga Rophus-Vikse skule den som har den høgaste kost-nytteverdien. Lio-Auklandshamn skule har den lågaste kost-nytteverdien, sa Asle G. Halleraker (TvF).
Halleraker hadde også merka seg at nokre grunneigarar er negative til turveg som skuleveg i Auklandshamn.
– Kor store ressursar skal kommunen bruka for å løysa dette problemet? undrast han.
Halleraker sitt forslag var å setja Lio-Auklandshamn på vent og prioritera Nygård-Sveio Golfpark og den vidare dialogen med fylkeskommunen om Rophus-Vikse skule og kryssa nær sentrum. Dette fekk fleirtal i formannskapet, berre Jarle Jacobsen (KrF) støtta rådmannen sitt forslag. I kommunestyert var det altså berre seks som røyste for Halleraker sitt forslag.
Unge og eldre på lag
Både eldrerådet og ungdomsrådet sine representantar med talerett i kommunestyret, engasjerte seg i denne saka, noko mellom andre Linn Therese Erve (Ap) var begeistra for.
– Eg merkar meg at spørsmålet om livskvalitet ikkje er vurdert. Denne saka har også eit helseperspektiv, sa Gustav Eilerås (eldrerådet), som appellerte til politikarane om å gå inn for turveg som skuleveg i Auklandshamn.
Ungdomsrådet sin representant John Bernhard Mølstre var av same meining.
– Dette er eit bra prosjekt. Det vil auka naturopplevinga både for skuleborn og andre. Vegen må berre leggjast slik at flest mogleg kan bruka han, sa Mølstre i innlegget sitt.