nyhende
Apotek åtvarar – tendensar til at folk kjøper «feil» jodtablettar
Apotek 1 opplyser at dei ser tendensar over heile landet til at folk kjøper jodtilskot i staden for Jodix, som er den høgkonsentrerte versjonen.
I høgkonsentrerte Jodix, som styresmaktene tilrår å ha i beredskap i tilfelle atomulykke eller liknande, er det 130 milligram per tablett. Medan det i vanleg jodtilskot er rundt 200 mikrogram.
Det er i hovudsak personar under 40 år, gravide og ammande som blir tilrådde å ha jodtablettar heime. Årsaka til at tilrådinga gjeld desse gruppene, er at dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen dersom dei blir utsette for radioaktivt jod ved atomulykker.
Tablettane skal berre takast etter råd frå styresmaktene.
Har kontakta kundar
Dersom ein treng å få i seg like mykje jod som i den høgkonsentrerte varianten, må ein ete mellom 500 og 600 tablettar med til dømes jodtilskotet til Nycoplus.
Solberg Ofstad i Apotek 1 seier at apotekkjeda har teke direkte kontakt med kundar som har bestilt jodtilskot i nettbutikken deira, for å forsikre seg om at dei har bestilt rett.
Selskapet Vitalkost opplyser òg i ei pressemelding at dei har opplevd eit ras av bestillingar på eit jodtilskot dei produserer, som følgje av situasjonen i Ukraina.
Bestillingsras
– Vi ser ein plutseleg auke på nesten 800 prosent i salet av SHIFT Jod, og kan berre rekne med at dette kjem som ei følgje av krigen i Ukraina. Vi kjenner det derfor som vår plikt å informere om at det er forskjell på eit jodtilskot og jodtablettar som primært er laga for å verne kroppen mot radioaktiv stråling, seier dagleg leiar Totto Solvang i Vitalkost.
Tilskot av jod blir teke for å halde oppe normal funksjon av skjoldbruskkjertel og nervesystem, medan Jodiz er utarbeidd for å førebyggje effekten av radioaktivt jod på skjoldbruskkjertelen.
– Vi er glade for at folk kjøper produkta våre, men vi vil at det skal vere basert på rett grunnlag. Når vi ser at folk kjøper SHIFT Jod i den trua at det vernar mot stråling, er det vår plikt å seie frå, seier han.
Årsaka til hoppet i etterspurnad etter høgkonsentrert jod er krigen i Ukraina. Torsdag førre veke erklærte òg Ukraina at Russland har teke kontroll over det gamle atomanlegget i Tsjernobyl, som ligg rundt 130 kilometer nord for Kyiv.
(©NPK)