nyhende

Frå venstre: Håkon Skimmeland, Tatsiana Kozel, Per Ove Økland, Linn Therese Erve, Anne Lise Økland, Olav Bergmål, Hanne Ingebrigtsen, John Tore Hovda Mølstre og Kristian Haaland.FOTO: PRIVAT
Frå venstre: Håkon Skimmeland, Tatsiana Kozel, Per Ove Økland, Linn Therese Erve, Anne Lise Økland, Olav Bergmål, Hanne Ingebrigtsen, John Tore Hovda Mølstre og Kristian Haaland.

Ap vil ha meir næring og fleire innbyggarar

Sveio Arbeiderparti er klar med liste til hausten sitt val, og vil halda fram med å utvikla Sveio. — Me må legga til rette for å få fleire innbyggarar i heile kommunen, seier Linn Therese Erve.

Publisert Sist oppdatert

Val-liste Sveio arbeiderparti

Nummer Kandidat: Krins Kjønn Årstall
1 Linn Therese Erve Vikse K 1982
2 Håkon Skimmeland Sveio M 1975
3 Anne Lise Økland Valestrand K 1983
4 Trond Widar Våga Lid M 1975
5 Tatsiana Kozel Vikse K 1996

Dei hadde ein tidleg start på lista si, i alle fall dei to øvste plassane.

— Me hadde tidlege nominasjonar i desember kor første og andre plass vart vedteke. Det vart då meg på første og Håkon Skimmeland på andre, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Torsdag forrige veke vart nominasjonane til Ap si liste bestemt, til saman 19 personar.
Forutan dei to øvste er det mange nye andlet.

Klar for val

— Lista vart vedteke med akklamasjon. Det var ein god respons, seier Erve.

Ho stiller som ordførarkandidat. Då vil det verta hennar andre periode.
Sveio Arbeiderparti er nøgd med lista si og meiner den har eit godt snitt av heile kommunen.

— Me har ganske god geografisk representasjon frå Valestrand i nord til Vikse i sør. Og så har me ein god aldersfordeling, kor den yngste er fødd i 2004 og den eldste i 1945, seier Erve.

I deira parti har det vorte tradisjon å ha jamn kjønnsbalanse på lista.

— Me er oppteken av at det skal vera annakvar mann og kvinne, noko me har klart å etterleva, seier Erve.

Brukar tida til å lytta

Sjølve valprogrammet er undervegs og er komen godt i gang, men har ikkje vorte endeleg vedtatt enno.

— Me vil bruka tida framover godt med å lytta til innbyggarar, lag og organisasjonar, og næringslivet i programarbeidet, seier Erve.

Likevel nemner ho nokre hjartesakar for det komande valet.

— For oss i Sveio arbeiderparti er det viktig at me fortset med ei god utvikling i heile kommunen til det beste for innbyggarane, seier Erve.

Vil tiltrekka seg nye

Ho meiner Sveio har ein sentral geografisk plassering i regionen, noko kommunen kan bruka til både meir utvikling av næring og tilflyttarar.

— Me må legga til rette for å få fleire innbyggarar i heile kommunen, seier Erve.

Samstundes vil dei at Sveio framleis skal vera attraktivt for dei som allereie bur her.

— For oss er det alltid viktig å arbeida for gode oppvekstvillkår og helse- og omsorgstenester, god næringsutvikling, eit variert idrettstilbod og spanande kulturliv, seier ho.

Dei går inn for å ferdigstille investeringsprosjekta som ligg kommunen sin økonomiske plan, til dømes ein ny barnehage som skal erstatta den gamle i Sveio sentrum, og symjehall.

Erve fortel at ho har ei sterk tru på at heile kommunen må jobba saman for å få vekst og utvikla seg vidare.

— Då må me ha eit sterkt sentrum og attraktive lokalsamfunn. Dette heng saman, og er gjensidig avhengig av kvarandre, seier ho.

Powered by Labrador CMS