nyhende

Dagens påske-enquete

Anne Vierdal

Anne Vierdal er styremedlem i Sveio KrF, samt vara i kommunestyret.

Publisert Sist oppdatert

Anne Vierdal

Anne Vierdal og dottera Lise ute på tur.

Beste påskemat og påskesnop?
– For meg er det viktig å få eit måltid med lam. Lammet symboliserer at Jesus ble ofra til soning for våre synder. Rundt påsketider er appelsinene på sitt beste. Eg kan eta kilovis med appelsiner! Eg er også svak for påskeeggene i lilla kartong.

Beste påskeminne?
– I påskeferien 2016 inviterte bestefar Einar heile storfamilien til Gran Canaria i høve 70-årsdagen hans. Då var familien samla i ei hel veke, og me gjorde alt saman. Det er sjeldan me får til i ein travel kvardag hjemme. Me gjekk på fjellturar, åt god mat ute, bada og spelte kort. Derfor er det min favorittpåskeferie!

Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Dei siste åra har jeg arrangert påskeleir i «den stille uken», og i påskedagane har eg tatt ekstravakter på omsorgssenteret. Me fekk vårt første barn i desember, så eg gler meg til å skapa påsketradisjonar med henne!

Powered by Labrador CMS