nyhende
Angrar ikkje på solcelle-investering
For tre år sidan investerte Laila og Håvard Skarveland i solcellepanel på taket av driftsbygningen sin på Flatnes. Den gongen var drivkrafta først og fremst interesse for ny teknologi. Med dagens straumprisar har investeringa vist seg å vera lønsam.
— Ordninga med investeringsstøtte til solcelleanlegg var ikkje innført den gongen. Me betalte 275.000 kroner med moms og blei lova at anlegget ville levera straum til 38 øre per kilowattime (kWh) over ein periode på 30 år. Ingen kunne den gongen forutsjå at straumprisen ville fyka opp i fem-seks kroner per kWh, seier Håvard Skarveland.
Ekteparet driv gardsbruk med rundt 35 mjølkekyr og kjøtproduksjon på storfe og sau. Mjølkeproduksjonen er mest kraftkrevjande. Her har solcelleanlegget kome godt med. Anlegget har ein oppgitt kapasitet på 20 kilowatt, og leverer det som er lova. Men effekten varierer mykje med ver og årstid. Då Vestavind besøkte Flatnes-garden ein delvis overskya dag i slutten av august, viste displayet på konverteren 4,5 kilowatt. Konverteren transformerer svakstraumen frå solcellene til 400 V.
Innfrir forventningane
— På solskinsdagar stig produksjonen raskt, men ikkje mest på dei varmaste dagane. Når panela blir varme, aukar motstanden i dei. Slik sett passar solcellepanel godt på Vestlandet. Mykje regn sørgjer for vasking av panela, og temperaturane er vanlegvis ikkje ugunstig høge. Men den oppgitte kraftprisen på 38 øre er avhengig av at me slepp store reparasjonskostnader og at panela faktisk har ei levetid på 30 år, forklarar Håvard.
Med bakgrunn som elektrikar er han den mest teknologiinteresserte av dei to. Han hentar fram ipaden og viser oss loggen som fortel at solcelleanlegget så langt dette året har produsert 15.000 kilowattimar. Totalt sidan anlegget blei sett i drift for snart tre år sidan ligg produksjonen på nærare 60.000 kWh. Det tilsvarar ei innsparing på 12 tonn CO2 i året eller 30 tonn totalt.
— Ja, det er ein fin måte å produsera elektrisk kraft på, men solcellepanel kan berre bli eit supplement. Dei produserer ikkje om natta og lite midt på vinteren. Eg synest nok at fordelane med solceller blir overdrivne i dagens marknadsføring av nye anlegg, seier Håvard vidare.
Vurderer vindmølle
På Flatnes produserer solcelleanlegget 20 prosent av kraftforbruket i driftsbygning og bustad. Sjølv om dette er eit viktig tilskot, og sjølv om dei til og med leverte overskotskraft for godt og vel 1.400 kroner i juli, kom straumrekninga same månaden likevel på 17.000 kroner. Same månad i fjor var rekninga på 6.000. Det illustrerer auken i straumprisane og forklarar korfor Flatnes-bøndene ser på ulike løysingar for å få energikostnadene ytterlegare ned. Dei har fleire alternativ.
— Me kan skaffa oss batteri til lagring av overskotskrafta me produserer om dagen. Det er meir økonomisk enn å levera overskotskrafta på nettet og så kjøpa kraft tilbake om natta. Men slike battertianlegg er framleis relativt dyre, forklarar dei.
Eit anna alternativ er å utvida solcelleanlegget. Nettet set grenser for storleiken, sidan dei også skal kunne levera overskotsstraum. På Flatnes kan produksjonen av kraft frå solceller aukast til 50 kilowatt. Før dei kan installera nye solcellepanel, må dei skifta takplater på den delen av låvetaket som då må brukast. Det største problemet er likevel den lange ventetida på nye solcelleanlegg.
Det mest spektakulære alternativet Skarveland-paret vurderer, er investering i ei gardsvindmølle. Ei 20 meter høg vindmølle på 40 kilowatt som er vanleg for eksempel i Danmark, meiner dei vil vera til liten sjenanse for omgivnadene. Samstundes som ei slik mølle langt på veg vil dekka energibehovet deira ved å produsera dag og natt, vinter som sommar.
Gjennom ei lovendring er det nå opp til kommunane å godkjenna gardsvindmøller. Skarveland er sterkt inne på tanken å senda ein søknad for å testa om det er opning for slike vindmøller i Sveio. Samstundes er dei spente på korleis nabolaget og lokalsamfunnet vil reagera. Og dei er klar over at gardsvindmølle vil representera ei stor investering, kanskje rundt 1,5 millionar kroner.
Må handsamast politisk
Så langt kommualsjef utvikling, Kenneth Tollefsen kjenner til, har ikkje Sveio kommune så langt mottatt nokon søknad om gardsvindmølle eller såkalla husstandsvindmølle.
— Om det kjem slike søknader, reknar eg med at dei må behandlast politisk, seier Tollefsen til Vestavind.
Interessa for små vindkraftanlegg har auka i takt med dei sterkt stigande straumprisane. I Danmark er gardsvindmøller vanlege. Nå tilbyr fleire firma slike anlegg også på den norske marknaden. Fordelen med vindmøller framfor solceller er at dei kan produsera straum både dag og natt og til alle årstider så sant det er aldri så lite vind. Men i motsetnad til eit solkraftanlegg krev vindmøllene meir service og vedlikehald på grunn av bevegelege delar.
Ifølge energilova er vindkraftanlegg på mindre enn ein megawatt fritekne for konsesjon. Søknad om å få setja opp slike anlegg skal behandlast av kommunane etter plan- og bygningslova.
Ei gardsvindmølle på for eksempel 25 kilowatt (kW) er kanskje ti eller 20 meter høg, medan dei mastene kommunestyret i Sveio i si tid sa nei til på Nese var rundt 200 meter. Likevel må ein vurdera korleis også små vindmøller vil påverka landskapet, seier Tollefsen.
Han legg til at temaet så vidt er drøfta i samfunnsdelen til kommuneplanen som enno ikkje er endeleg vedtatt. Men det er ikkje gitt eintydige retningslinjer om korleis kommunen skal stilla seg til små, private vindkraftanlegg.
Gardsvindmøller er omdiskutert også i andre kommunar. I sommar fekk ein omstridd vindmøllesøknad i Time kommune på Jæren mykje merksemd. Bonden som søke om å få setja opp ei 26 meter høg vindmølle på garden sin, fekk avslag. Avslaget blei grunngitt både med omsyn til fuglelivet om fordi mølla, etter kommunen si meining, ville blitt for ruvande i kulturlandskapet.Den omsøkte mølla var på 25 kW og kunne produsert 114.000 kilowattimar (kWh) i året.
Ei slik mølle ville ha kosta rundt 1,5 millionar kroner.
Samstundes ser Skarveland for seg endå ein måte å redusera straumrekninga på. Mykje av den krafta mjølkeroboten brukar, går med til oppvarming av vaskevatn. Derfor vurderer dei å etablera eit flis- eller vedfyringsanlegg for oppvarming av vatn.
— Trevirke har me nok av, seier Laila og Håvard Skarveland.
Auka etterspurnad
Ekteparet Skarveland kjøpte solcelleanlegget sitt av Kverneland Energi AS på Jæren, eit selskap som har spesialisert seg på leveranser til næringslivskundar.
— Me er nå opppe i ein ordrereserve på over eit halvt år, medan det tidlegare var snakk om eit par månader, seier dagleg leiar Aksel Kverneland.
Han fortel også at ordrereserven omfattar fleire anlegg som skal leverast til gardsbruk i Sveio.
— Sidan me er ein stor aktør i marknaden, har me ikkje hatt problem med å skaffa nok solcellepanel. Men me har til tider hatt problem med å skaffa nok montørar, seier Kverneland vidare.
For tre år sidan var kraftprisen nede i sju øre per kilowattime, og mange meinte det aldri ville løna seg å satsa på solenergi. Kverneland trur dagens høge kraftprisar vil halda seg lenge, og meiner det er grunnen til den store etterspurnaden.
— Eit tilsvarande anlegg som det Skarveland fekk installert for tre år sidan, kostar ikkje så mykje meir i dag heller. Og nå får bøndene 25 prosent investeringsstøtte, seier han.
Med dagens prisar meiner Kverneland det ikkje løner seg å installera batteri for å lagra kraft til bruk for eksempel på natttid. Det er meir lønsamt å selja overskotskraft på nettet og kjøpa tilbake når ein treng det, sjølv om ein då også må betala nettleige, seier Kverneland.
Eitt års leveringstid
Asbjørn Tverdal i nettselskapet Fagne fortel at det nå er 44 kundar i Sveio som har solcelleanlegg knytte opp mot nettet deira. Mange fleire ventar på å koma med på denne lista, men alle forhandlarane av solcelleanlegg har nå lang leveringstid. Hos Haugaland Kraft, som har den største marknadsdelen på Haugalandet, er leveringstida nå tett på eitt år. Inntil vidare har selskapet derfor istoppa salet av nye anlegg til privatkundar.
— Me må få unna noko av køen og får sjå an kor lenge dette varer, seier Lise Kathrine Amland.
Ho er avdelingsleiar for sal i Haugaland Kraft. Amland seier dei vurder kvar førespurnad for seg når det gjeld sal til næringsverksemder.
Haugaland Kraft har selt solcelleanlegg sidan 2016, men det er først i år etterspurnaden har eksplodert på grunn av dei høge straumprisane. Dette, kombinert med forseinkingar i leveringa av solcellepanel frå Kina, er årsaker til den lange leveringstida. Det finst også ein tredje årsak.
— Me er heldige som bur i ein region med stor aktivitet i næringslivet og låg arbeidsløyse. Men det betyr også at me har problem med å skaffa nok montørar og elektrikarar til å setja opp nye anlegg, seier Amland.
Sjølv om det er innført mellombels salsstopp, kan potensielle privatkundar framleis registrera interessa si for solceller via Haugaland Kraft si nettside. Og registreringane renn stadig inn, fortel Amland.