Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
André Mundal Haukås
André Mundal Haukås er i dag ordførar i Sveio, med bakgrunn som flyvert og oppdrettsnæringa.
Beste påskemat og påskesnop?
– Lammesteik er ein absolutt mat-favoritt, og på snopesida er eg frykteleg svak for fylte sjokoladeegg.
Beste påskeminne?
– Under korona arrangerte Haugesund Røde Kors bilrebus på Haugalandet. Det vart ein skikkeleg flott dag der me fylte fleire bilar med familie og tevla om å løysa rebusen for å finna fram. Me fekk sjå mange flotte plassar i regionen som me elles ikkje hadde besøkt.
Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Lange frukostar er koseleg når ein har moglegheit til det. Men i år gler meg litt ekstra til påska, for då skal me reisa til Spania for å feira mamma sin 50-årsdag. Saman med mine to brør, deira sambuarar, og ikkje minst fem onkelborn skal det bli liv når me vert 13 stykk rundt frukostbordet.