nyhende

Ordførar André Mundal Haukås saman med nevøen Haktor heime i bassenget på Fjellstad. Foto: Privat
Ordførar André Mundal Haukås saman med nevøen Haktor heime i bassenget på Fjellstad.

André Mundal Haukås: – Det beste med sommaren må vera å kunna bada og eta is i sola!

André Mundal Haukås er ordførar i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Kva er det beste du veit med sommaren?

– Det må vera å kunna bada og eta is i sola!

Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?

– I grunnen ikkje, men når me får besøk på sumaren er det fint å ta dei med ut til Ryvarden, og så er det alltid fint med ein båttur på vigdarvatnet der me kanskje finn oss ein plass for å ta eit bad.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Eg har pleid å jobba om sommaren, først som ferievikar sjølv i mange år på smoltanlegget på Fjon, seinare har eg arbeidd på sommaren saman med ferievikarane. Det er noko eige med å jobba på sommaren – eg har mykje gode minne frå å jobba med dyktige ungdommar.

– Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?

– Ulike typar grillmat, og som resten av året er eit glas Pepsi Max favoritten (gjerna med isbitar og lime på sommaren)

– Kva skal du bruka sommaren på i år?

– Eg skal ein tur til London for å besøkja min ven Svein Arne som har vert sjømannsprest der ei tid nå, det gler eg meg veldig til. Resten av ferien skal eg tilbringa heima, bada i bassenget heime på terassen og sjølvsagt i Vigdarvatnet.

– Kva er din draumeferiedestinasjon og kvifor akkurat dit?

– Sambuaren min og meg er veldig glade i å reisa på cruise, så me ser fram til ein flott tur over Atlanterhavet i haust, det er ein super måte å reisa på der ein kan kopla heilt av og berre nyta dagane ombord og oppdaga nye stader når ein er i land.

Powered by Labrador CMS