nyhende

— Andelslandbruk er ein slags fristad for meg

Til vanleg jobbar han i høgt tempo som sjef for Sildajazz. Då kona melde dei på andelslandbruk vart han raskt den ivrigaste av dei to. — Det er bot på sjela mi, seier Andreas R. Meland.

Publisert Sist oppdatert

— Eg vaks opp i eit byggefelt på Bleikmyr. Me hadde hage og bærbuskar, og det har eg alltid hatt eit forhold til, seier Andreas R. Meland.

Han har lenge hatt ei sterk interesse for mat, og ekstra kjekt er det å skaffa den sjølv. Kvar den har kome frå veit han ikkje heilt, for den var ikkje til stades i barndomen.

— Det var ikkje eit kjempestort fokus på det å hausta inn, seier Meland.

Haustar i fellesskap

Dei fleste som har sett haugesundaren før, har sett han i samanheng med høgtsvevande kulturliv som leiar for Sildajazz.

Ei litt meir ukjent side av han er ei side som er bokstaveleg talt veldig jordnær. Han driv nemleg med andelslandbruk.

— Kva er det eigentleg?

— Ein betalar for ein andel hos ein bonde, og så vert det forvalta på litt forskjellige måtar, seier Meland.

Hobbyen tek han ut av byen og til rolege trakter, eit godt stykke inn i Sveio. Sveio Andelslandbruk består av to småbruk lokalisert på Eilerås og Mekeland ved Våga.

— I landbruket som me er med på er alle andelshavarar med på dugnad så ofte dei kan. Både for å arbeida jorda, for å så, for å planta, og etter kvart for å luka og hausta, seier han.

Alle andelshavarar får ein andel av det som vert hausta. For Meland går det til si store lidenskap, matlaging.

Dyrkar mykje forskjellig

— Eg lagar stort sett all mat heime sjølv, og frå botn. Det har eg gjort i mange år. Eg prøver heile tida å læra noko nytt, og smaka på noko nytt, seier han.

— Har du eit favorittkjøken blant dei mange som finst i verda?

— Det varierer frå år til år. Eg får litt diller, så no er det vel Italia og Tyrkia for augeblikket. Begge dei kjøkena er flinkare til å bruka mykje grønsaker enn norsk husmannskost. Så eg får brukt mykje av det eg dyrkar, seier han.

— Kva dyrkar dykk?

— Veldig mykje forskjellig. Det er epletre, urter, bærbuskar, poteter, lauk, squash, beter, portulakk og mangold, seier Meland.

Mangfaldet i kva som dyrkast er ikkje tilfeldig, eller berre for mangfald si skuld i seg sjølv.

— Me prøver å ha noko å hausta gjennom sesongen, fordi det vert klart på ulike tidspunkt, seier han.

Fristad

Måten han vart introdusert for det heile var gjennom sin betre halvdel.

— Kona mi oppdaga at det var eit andelslandbruk i Sveio og melde oss på. Men det er nok eg som har vore der mest, humrar han.

Meland har ein travel kvardag som sjef for Sildajazz. Då vert åkeren i Sveio eit naudsynt avbrekk.

— Den viktigaste grunnen er at det er ein slags fristad for meg. Eg er alltid veldig lukkeleg når eg kjem heim, uansett kva humør eg var i då eg reiste ut. Så det er eit høgdepunkt i veka, dei vekene me møtest der, seier han.

— Så kjekt at det gjev deg den kjensla!

— Ja, det er psykologar og forskarar som seier at ein vert lykkelegare av å ha jord mellom fingrane. Så det er bot for sjela, eg føler eg får påfyll og det gjer livet betre, seier Meland.

Lett og vanskeleg

Han anbefaler det til andre, og på spørsmål om dyrking deler han gledeleg av erfaringa si.

— Kva er lett, og kva er vanskeleg, å dyrka?

— Viss ein ikkje har dyrka noko før så er poteter, jordskokk og lauk bra å starta med. Ikkje veldig energikrevjande. Det vert mykje av det og det er veldig anvendeleg, svarar han og fortset:

— Vanskeleg er dei tinga som er på kanten temperaturmessig, og alt som kan verta eten av sniglar. Då er ein prisgjeven at det ikkje er mykje sniglar der ein dyrkar. Til døme er det ikkje så gøy at salaten og kålen din vert eten av andre enn deg sjølv, humrar han, og viser til dei svoltne sniglane der ute.

Undervurdert

— Er det ein økonomisk gevinst med andelslandbruk?

— Eg trur det er mange typar gevinstar i det. Ein vert tettare knytta til maten ein et. Svinn går ned når ein forheld seg til råvarer, og då vil ein testa ein del nye oppskrifter for å bruka grønsakene ein dyrkar. Og fort kan det vera at ein et meir variert og sunnare. At ein kastar mindre mat, seier Meland.

Forutan det fysiske, meiner han at noko av det beste med andelslandbruk er fellesskapet ein får med på kjøpet.

— Det er veldig sosialt, og ein møter folk på tvers av generasjonar. I vårt andelslag er det heilt frå småbarnsfamiliar til pensjonistar. Det er eit stort alderspenn, og alle har forskjellig bakgrunn. Me møtest alle saman i åkeren og vert ganske godt kjent med kvarandre. Det er veldig gøy, seier han.

— Siste spørsmål. Har du ei favorittgrønsak?

— For tida er eg mest oppteken av aubergine, og å laga matrettar med det. Men då treng me drivhus, så det dyrkar me ikkje på åkeren. Aubergine er undervurdert. Eller squash også då, den er kjempegøy, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS