nyhende

Mange senka innetemperaturen då straumprisane steig i fjor. No trur analytikarar at vi ikkje kjem til å sjå dei same høge nivåa i haust og vintersesongen som kjem. FOTO: GORM KALLESTAD / NPK
Mange senka innetemperaturen då straumprisane steig i fjor. No trur analytikarar at vi ikkje kjem til å sjå dei same høge nivåa i haust og vintersesongen som kjem.

Analytikarar peikar på seks grunnar til at straumprisane kan halde seg låge

Mykje tyder på at norske straumkundar ikkje vil oppleve det høge prisnivået frå tidlegare i år når hausten og vinteren kjem.

Publisert Sist oppdatert

Ekspertar TV 2 har snakka med meiner straumprisen vil liggje på rundt 1 krone per kilowattime i haust og noko høgare i vinter.

I den dyraste perioden i fjor på gjennomsnittsprisen i månaden på mellom 4 og 6 kroner. Men lite tyder på at det prisnivået kjem tilbake, ifølgje ekspertane.

– Nei, det verkar veldig lite sannsynleg, og det er fleire grunnar til det, seier nyheitsredaktør Olav Vilnes i bransjenettstaden Montel til kanalen.

Kraftanalytikarane meiner seks forhold tilseier at straumprisen blir lågare i haust og vinter:

* Vellykka omlegging frå russisk gass i Europa

* Sjølve vissa om at ein klarer seg utan gass frå Russland

* God tilgang på LNG-naturgass

* Europa har klart å redusere av straumforbruket

* Auka straumproduksjon frå fornybare energikjelder

* For Noreg: God fylling i vassmagasina og meir snø i fjellet

– EU har vore tøffe, men gjort ein god jobb og styrt prisane. Reduksjonen i straumforbruk har også senka behovet for gass. Dermed er ein meir i balanse utan den russiske gassen, seier analysesjef Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.

Éin ting som kan gi knappleik, er auka etterspurnad frå den asiatiske marknaden. Ifølgje ekspertane er det ikkje noko som omgåande tyder på at det vil skje no.

Men straumprisen heng også saman med vêret – og det blir ein joker, ifølgje Vilnes.

Powered by Labrador CMS