nyhende
«Amerikatreet» deiste i bakken
Stormen natt til sundag vart for mykje for det 29 meter høge «Amerikatreet» på Haugane i Auklandshamn.
Det skal vere eit av dei høgaste trea i Sveio kommune som deiste i bakken i stormen natt til sundag.
— Det er vemodig. Vi har jo alltid kunna sett bort på den flotta grana, seier Nancy Helgesen.
Meir enn 100 år gamalt
44-åringen har vakse opp Haugane, og ho fortel at ho har vore glad i den gamle grana.
Treet skal i høve til forteljingar ha blitt planta av avdøde Anton Jacobsen, då han returnerte til Auklandshamn etter nokre år i Amerika for meir enn 100 år sidan.
— Me veit ikkje heilt sikkert at den historia er korrekt, men det er no det som blir snakka om, fortel Helgesen.
Ho fortel at det heller ikkje er snakk om ei vanleg norsk gran.
— Treet har form meir som ein brakebusk. Og amerikanarar som har vore på besøk, har også uttalt at dei trur det må amerikansk opphav, fortel ho.
Og alt er jo som skjent stort i Amerika. Og dette treet var altså heile 29 meter langt, hadde ein diameter på 1,5 meter og ein omkrins på 4,5 meter.
I stormen natt til sundag knaka det godt i det gamle huset frå slutten av 1800-talet som Helgesen bor i, men at det store treet har gått i bakken merka dei ikkje før sundag morgon.
— Me er glade for at treet fell «rette» vegen, seier ho og viser til at huset deira ikkje står langt unna.
— Jobb for yngre krefter
Marka som treet sto på tilhøyrar sauebonden Magne Gustav Bårdsen (79). Han har også høyrt forteljinga om at treet skal vere amerikansk.
— Men eg veit heller ikkje om Amerika-historia er sann. Men det me veit sikkert er at treet sto der i 1915, men ikkje i 1907. Det har me sett på gamle bilde, fortel han.
Det som er heilt sikkert er at no forsvinn den gamle grana inn i historia. Om det 29 meter lange treet no skal bli til ved eller noko anna, kunne ikkje Magne Gustav Bårdsen seie noko om sundag.
Han fortel at yngstesonen hadde vore oppom og kika på treet tidlegare sundag.
— Han ga meg klar beskjed om å ikkje røyre treet før han var attende frå jobb om ei vekes tid. For det er nok uansett meir ein jobb for yngre krefter enn for ei kar som meg på snart 80 år, humrar Bårdsen.