nyhende

Pasientar som har vore innlagde med alvorleg korona har fått varige endringar i kolesterolet sitt, viser ny studie. FOTO: ERIK JOHANSEN / NTB / NPK
Pasientar som har vore innlagde med alvorleg korona har fått varige endringar i kolesterolet sitt, viser ny studie.

Alvorleg covid-19 kan auke risikoen for hjarte- og karsjukdom

Publisert Sist oppdatert

Pasientar som har vore innlagde med alvorleg korona har fått varige endringar i kolesterolet sitt, viser ny studie. Dette kan auke risikoen deira for hjartesjukdom på sikt.

— Fleire nyare studiar har antyda at covid-19 aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom. Men vi veit ikkje endå kva mekanismar eller underliggjande årsaker i viruset som utløyser dette, seier Ida Gregersen, forskar ved UiO og OUS, i ein artikkel på nettsidene til UiO.

Norske forskarar har no sett at pasientar som har vore innlagde på sjukehus med alvorleg korona har fått varige endringar i kolesterolet som følgje av sjukdommen.

— Vi trur at covid-19 gir ein auka risiko for hjartesjukdom på sikt, og at dette er ein mogleg mekanisme for å forklare kvifor, seier Bente Halvorsen.

Ho er professor ved UiO og har leidd arbeidet med studien.

Powered by Labrador CMS