nyhende
Alternative medium kan vere bra for demokratiet, meiner forskar
Når folk meiner media sviktar, oppstår det ofte alternative nyheitskjelder utan redaksjonell forankring lokalt. – Det kan styrkje demokratiet, men kan også bli antidemokratisk når det blir stor grad av polarisering og uforsonlege frontar, seier medieforskar.
Noreg er eitt av landa i verda med høgast tillit til redaksjonelle nyheiter. I Medietilsynet si undersøking i fjor haust svarte fleire enn seks av ti at dei har svært høg eller ganske høg tillit til norske redaktørstyrte nyheitsmedium. Likevel skjer det frå tid til annan at alternative nyheitskjelder får fotfeste i befolkninga, også her heime i Noreg.
Medieforskar Steen Steensen ved Oslomet fortel at det slett ikkje er uvanleg at det blir starta mobiliseringar i sosiale medium når nokon meiner nyheitsbildet er skeivt.
Meir demokrati
– Det vanlegaste er at slike grupper på sosiale medium ofte er knytte til enkeltsaker, og starta av ein person eller ei gruppe som meiner at bestemte perspektiv manglar eller er underkommuniserte i nyheitsdekninga, fortel medieforskar Steensen.
Han viser til forsking frå England der såkalla «community media» eller borgarjournalistikk har blitt eit omgrep.
– Det betyr at ulike interessegrupper eller folk med eit sterkt lokalengasjement startar ei nettside eller ei annan form for lokal publikasjon, seier Steensen.
Forskaren peikar på at slike alternative nyheitskjelder i utgangspunktet ikkje er noko trugsmål mot demokratiet:
– Tvert i mot. Eit mangfald av ulike nyheitsmedium er i utgangspunktet ein styrke for demokratiet, vil eg meine. Det gjer at fleire stemmer og perspektiv blir løfta fram i offentlegheita. Sjølv om dette kan føre til skarpe frontar og hissig debatt, vil eg framleis meine at det er ein styrke for demokratiet. Det er først dersom antidemokratiske stemmer blir dominerande, eller dersom alternative nyheitsmedium fører til stor grad av polarisering og uforsonlege frontar, at det kan bli eit demokratisk problem, seier han.
Steile frontar i Sogn
Sogndal har tradisjonelt vore kjend for fotball, saft og syltetøy. Dei siste åra har derimot bygda hamna i avisspaltene av heilt andre grunnar. Ein konflikt mellom ordførar Stig Ove Ølmheim på den eine sida og kommunedirektør Tor-Einar Skinlo på den andre har skapt overskrifter både lokalt og nasjonalt. Lokalavisa i Sogndal, Sogn Avis, blir gjennom den anonyme Facebook-sida Sjølvaste Sognepilten skulda for å ta parti med kommunedirektøren i konflikten.
– Sognepilten har fått stor oppslutning fordi avisa ikkje har gjort jobben sin i denne saka, meiner kulturforskar og sakprosaforfattar Georg Arnestad til Nynorsk pressekontor.
Arnestad er blant dei som har gått hardt ut mot måten Sogn Avis har dekt uroa i Sogndal kommune. Han meiner lokalavisa einsidig har teke parti med kommunedirektøren i denne saka.
– Blant anna blei det for kort tid sidan publisert eit djuptgåande intervju med kommunedirektør Skinlo der han får prate fritt – utan å bli stilt kritiske spørsmål. Dette intervjuet er rein mikrofonstativ-journalistikk, og burde vore pensum for journaliststudentar som skal lære korleis dei ikkje skal gjere ting, seier Georg Arnestad.
Ein million visningar
I skrivande stund har Sognepilten 4.500 følgjarar og ein million visningar. For kulturforskar Arnestad har Sjølvaste Sognepilten blitt det nye leiande mediet i Sogn.
– Sjølvaste Sognepilten, vårt einaste uavhengige medium for dei som vil følgje den stadig meir skandaløse utviklinga i saka om kommunedirektør Skinlo, skreiv Arnestad på Facebook for nokre veker sidan.
Overfor Nynorsk pressekontor nyanserer han ytringa noko.
– Fleire vil meine at Sognepilten har drive kampanjejournalistikk for ordføraren, men det har oppstått i mangel av ei skikkeleg lokalavis. Han har fått ein stor tilhengarskare. Det er det ikkje tvil om, seier Arnestad.
– Har ivaretatt balansen
– Georg Arnestad er ein av dei mest ivrige på Facebook til å dele og kommentere saker som knyter seg til konflikten i Sogndal. Og det har vel heller aldri vore tvil om kva side han er på. Det står han sjølvsagt heilt fritt til, men eg stiller meg undrande til grunnlaget for påstanden om at Sogn Avis einsidig har teke parti for kommunedirektøren, skriv redaktør Eli Grotle i Sogn Avis til NPK etter at ho har fått høyre kritikken frå Arnestad.
Ho er ikkje i tvil om at avisa har dekt saka på ein balansert måte.
– Kor mange saker vi har publisert berre det siste året, knytt til denne tematikken, har eg ikkje statistikk på. Men eg er viss på at vi har varetatt balansen, så her trur eg det handlar mykje om brillene til dei som er mest ivrige i kommentarfelta.
Uroa for lokaldemokratiet
Ho er òg kritisk til måten Sognepilten driv informasjonskanalen sin.
– Sognepilten treng heller ikkje halda seg til presseetikk, Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Eg tenkjer at det får vere opp til kvar enkelt korleis dei vil gjere seg nytte av denne informasjonen, men eg er uroleg for kva det genererer av aggressivitet, personangrep og tilsvarande i kommentarfeltet, skriv Grotle.
Sogn Avis har òg nyleg gjennomført ein spørjerunde om kor mange av dei folkevalde i Sogndal kommune som ville tatt attval om dei fekk spørsmålet no.
– Det er grunn til å uroe seg for lokaldemokratiet. Berre sju av 31 faste seier at dei ville takka ja, og fleire seier både direkte og indirekte at ein medverkande faktor er hets frå facebookprofilen Sognepilten, skriv Grotle.
Alternative nyheiter i sør
Ei alternativ nyheitskjelde, som både skapte overskrifter og engasjement i 2019, var Facebook-sida Sørlandsnyhetene. Faktisk.no hadde i 2023 ein gjennomgang av historia til Sørlandsnyhetene og korleis ein kunstsilo fekk sinna i kok i Kristiansand.
Då Sørlandsnyhetene blei lansert, var det fleire som trudde at Facebook-sida skulle vere ein nettstad med nyheiter frå Kristiansand. Medium som Nettavisen og Kampanje omtalte Facebook-sida som «ein lokal nyheitsnettstad på Facebook» og ei «nettavis».
Det trudde også Tronn Hansen som blei rekruttert inn til arbeid for Facebook-sida.
– Det oppstod eit ønske frå fleire om at byen trong ei ny avis. Fædrelandsvennen hadde eit slags mediemonopol, og når vi då meinte at dei ikkje hadde gjort jobben sin, så var det ei ganske brei semje om at det var behov for ei ny avis i byen, fortalde han til Faktisk.no i 2023.
Følte seg oversett
Han skjønte likevel raskt at grunnleggjarane ikkje ville drive avis på den tradisjonelle måten, med opne kjelder, faktakontroll og rett til å svare på kritikk.
Professor i informasjonssystem ved Universitetet i Agder, Øystein Sæbø, meiner Sørlandsnyhetene oppstod fordi mange opplevde at dei ikkje hadde ei stemme, eller ikkje fekk ei stemme, i det tradisjonelle politiske rommet.
– Altså det å føle seg litt oversett av politikarar generelt, og oppleve litt at det er ein elite som held på for seg sjølv. Det var eit vesentleg utgangspunkt i Kristiansand då Sørlandsnyhetene oppstod, sa han til Faktisk.