nyhende

IMG_6621

— Alt tilgjengeleg brøytemannskap ute

Vinteren gir ikkje slepp på Sveio enno. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel. Sveio kommune sitt brøytemannskap gjer det dei kan for å halde sine vegar opne.

Publisert Sist oppdatert

Det kan kome mellom 5 og 20 centimerer snø tysdag.

— I løpet av natta auka snødyba i Bergen med 13 centimerter. Og det kjem meir både i Rogaland og Hordaland. Førstnemnde får snøbøyeer mesteparten av dagen. Det kan med andre ord bli uvanlige gode akeforhold, melder meteorologane til yr.no på Twitter tysdag morgon.

Dei har sendt ut gult farevarsel for nedbør, med lokalt vanskelge køyreforhold og dårleg sikt i begge fylka.

Sveio kommune meler at dei har alt tilgjengeleg brøytemannskap ute for å halde det kommunale vegnettet ope. Men det vil ta tid før dei rekk over alle veger slik som det snør no.

— Me oppmodar dei som er ute å ferdast til å ta det med ro  – og kjør forsiktig, skriv kommunen på si nettside.
Powered by Labrador CMS