nyhende
Alt dei hadde og sju års oppussing opp i røyk
Røyken steig framleis opp frå brannruinane og varmen kjentest då Vestavind besøkte brannstaden på søre Tjernagel måndag ettermiddag. Store verdiar gjekk tapt i bustadbrannen som blei oppdaga klokka 04.50 søndag.
– Dette er berre trist, seier Helge Huseby, sterkt prega av det som har skjedd.
Saman med sambuaren Arnlaug Utne Huseby må han konstatera at dei har mista huset og alt som var inni. I tillegg er to personbilar, ein bubil og ein gravemaskin sto sto parkert utanfor huset, meir eller mindre totalvrak. To av bilane tilhøyrde andre. Dermed har saka fleire skadelidande.
Utstyr som bygningssag, stillas og diverse materialar som var lagra utanfor, er også øydelagt. Mellom anna hadde paret nytta seg av tilboda på Bauhaus sitt avslutningssal og kjøpt inn diverse bygningsartiklar til innreiing av kjellaretasjen.
Har puss opp i sju år
Det var sju års restaurerings- og oppussingsarbeid som gjekk opp i flammar søndag morgon. Paret, som fortel at dei mest aldri reiser bort, overnatta på hotell på Stord denne natta i samband med feiring av Arnlaug sin fødselsdag. Klokka 05.00 ringde telefonen hennar. Det var ingen gratulant, men politiet som var på tråden for å fortelja at heimen deira sto i full fyr. Dei har inga forklaring på brannårsaka.
– Me var her vel ein times tid seinare. Då hadde heile konstruksjonen rast saman, fortel Helge.
Brannvesenet dreiv med etterslokking i fleire omgangar utover søndagen og brukte mist tre tankbillass med vatn til dette arbeidet, fortel paret.
Bygt av besteforeldra
Det var Arnlaug sine besteforeldre som bygde huset. Ho meiner dei flytta inn i 1948. Etter at Arnlaug og Helge overtok for sju år sidan, har dei mellom anna skifta heile bjelkelaget i første etasje, lagt nytt golv og skifta alle så nær som eitt vindauge i hovudetasjen og loftet. Dei har også fjerna innervegger og lagt inn stålbjelkar til erstatning av bereveggar. No sto kjellaren for tur.
Noko av det siste Helge gjorde før dei drog til Stord laurdag, var å setja fram stillas som skulle nyttast i samand med utskifting av utvendig kledning mot vest. Den delen av aluminiumsstillaset som sto støtta inn mot husveggen, har smelta.
Framleis avsprerra
Branntomta var framleis avsperra av politiet då Vestavind møtte eigarane måndag. Sidan etterforskinga på staden enno ikkje er avslutta, er ikkje tomta frigitt. Diforhar dei enno ikkje hatt besøk av forsikringsselskapet. Berre snakka med dei i telefon.
– Med tanke på framtida og det som må gjerast, står tankane våre framleis stille, medgir dei.
Helge saknar elles litt meir informasjon frå politiet.
Mellombels husrom har paret fått hos Helge si mor i Førde.