nyhende

Allergiar på kryss og tvers

Det høyrer gjerne sommaren til å kose seg med fersk frukt og grønsaker, men ikkje alle får like stor glede av det. Mange nordmenn med pollenallergi kan nemleg plagast av kryssallergiar. Men er det så farleg?

Publisert Sist oppdatert

Mat som kan gi kryssallergi for dei med pollenallergi

Allergi mot trepollen (bjørk, or, hassel, selje, pil, vier):

  • Eple
  • Pære
  • Kirsebær
  • Nektarin
  • Fersken
  • Plomme
  • Hasselnøtt
  • Mandel
  • Valnøtt
  • Paranøtt
  • Gulrot
  • Selleri
  • Soya
  • Peanøtt
  • Potet
  • Kiwi
  • Sharonfrukt
  • Jackfrukt

Allergi mot burot:

  • Krydder
  • Mango
  • Solsikkefrø
  • Druer
  • Fersken
  • Honning
  • Sennep
  • Løk
  • Kvitløk
  • Selleri, gulrot, koriander med fleire vekstar frå skjermplantefamilien

Allergi mot timotei:

  • Kveite og andre kornslag

Kjelde: Noregs Astma- og Allergiforbund

Nokre sommartradisjonar er kjende og kjære. Som bad i friskt vatn eller lange kveldar kring grillen. Andre er kanskje mindre velkomne, som å kleie i både auge og nase. Hovne og rennande auge. I overkant 20 prosent av den norske befolkninga har nemleg meir eller mindre alvorleg pollenallergi, skriv Noregs Astma og Allergiforbund (NAAF) på nettsidene sine.

For somme er desse plagene meir omfattande. Fleire som har pollenallergi kan òg oppleve å reagere på ei rekkje matvarer, men det er ikkje sikkert ein er allergisk av den grunn.

– Allergi er at ein reagerer på stoff som finst heilt naturleg. Immunforsvaret har ein overreaksjon på ting ein eigentleg skal tole. Protein i naturen kan likne på kvarandre, så om ein er allergisk mot bjørkepollen, kan det gjere at ein reagerer på matvarer som inneheld liknande protein, forklarar Ingvild Gaare-Olstad til Nynorsk pressekontor.

Ho er utdanna sjukepleiar og har fleire års arbeidserfaring med astma og allergi. Gaare-Olstad jobbar i dag ved Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet ved Ullevål sjukehus.

– Mange trur nok dei har alvorlege allergiar

Det blir gjerne skild mellom primærallergi og kryssallergi. Typisk for kryssallergi er eit relativt mildt forløp der ein kan kjenne kløe og lett hevelse i munnen, på lepper og i halsen.

For somme kan symptoma dukka opp først etter fleire år med pollenallergi, medan det for andre igjen berre er til stades i pollensesongen. Har ein meir alvorlege symptom som pustevanskar eller blodtrykksfall, kan det vere meir aktuelt å kontakte legen.

Ifølgje Gaare-Olstad er det mange fleire som trur dei har matallergiar enn dei som faktisk har det.

– Mange kjenner kanskje på den kryssallergi-reaksjonen og tenkjer dei har ein alvorleg allergi, seier ho.

NAAF opplyser at ikkje alle pollenallergikarar opplever kryssallergi, men førekomst av pollenrelatert matallergi har vore aukande. I Noreg er det kryssallergi mellom bjørkepollen og mat frå planteriket som er vanlegast.

Opp til kvar enkelt

Kryssreaksjonane kan vere veldig individuelle, så Gaare-Olstad anbefaler at ein prøver seg fram for å finne ut kva ein toler best.

– Somme fortel at dei toler raude eple, men ikkje grøne. Andre at dei ikkje toler eple frå butikken, men dei frå hagen går det heilt fint med. Det kan òg hjelpe å skrelle eplet.

Ho kjem med eit klart tips:

– Varmebehandling kan endre proteinet ein reagerer på, så ved kryssallergi er det vanleg at ein kan tole eple bakt i ei kake eller kokte gulrøter, fortel Gaare-Olstad.

NAAF skriv at det vil vere opp til kvar enkelt å vurdere sjølv om ein føler behov for å kutte ut matvara eller ikkje. Dei understrekar likevel at det ikkje er nødvendig å kutte ut fleire matvarer «for sikkerheits skuld».

Ingen fasit

– Det er mange som mistenkjer at dei har ein allergi og går til fastlegen for å få tatt blodprøver. På same måten som at kryssallergi skjer på grunn av like protein, kan det same skje når ein tar allergiprøvar, seier Gaare-Olstad.

Ho forklarer at det kan kome utslag på matvarer ein eigentleg toler, men fordi ein reagerer på pollen, gir prøven falske positive svar.

– Pasientar tenkjer kanskje at ei slik prøve vil gi fasiten på kva dei kan ete og ikkje, men så enkelt er det ikkje. Vi må sjå det heile i samanheng med sjukehistoria til kvar enkelt. Har du tolt maten tidlegare, så toler du han no, sjølv om blodprøven viser noko anna.

Lurer du på om du har allergi for noko spesielt kan det vere nyttig å teste deg. Men om du har typiske symptom på matvarer som svarar til kryssallergi, veit du har pollenallergi, og ubehaget går over av seg sjølv eller ved ein allergitablett, treng du gjerne ikkje greie ut vidare.

Powered by Labrador CMS