nyhende

Ingun Toft, kommunalsjef helse og omsorg og Ståle Andreassen kommuneoverlege.
Ingun Toft, kommunalsjef helse og omsorg og Ståle Andreassen kommuneoverlege.

Alle 52 prøvane var negative

Totalt er 52 personar testa etter at det var påvist covid-19 hos ein elev ved Vikse skule. Tysdag ettermiddag blei det klart at alle prøvane er negative. Eleven som fekk påvist smitte, vil vera ute av isolasjon onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Kommunen sette raskt i verk tiltak då det 20. mai vart kjent at ein elev ved Vikse skule hadde testa positivt på covid-19. Rundt 20 medelevar og tre lærarar vart sette i karantene. I arbeidet med å finna alle nærkontaktar, vart 46 personar testa for smitte før helga og seks personar i løpet av helga. Alle desse vart også sett i midlertidig karantene.

Ingen av dei 46 første som vart testa fekk påvist koronasmitte. Tysdag ettermiddag kom svara på dei siste prøvane som vart tekne i helga. Heller ikkje her vart det påvist smitte.

Ut av isolasjon i morgon

– Ein har ikkje klart å identifisera sannsynleg smitteveg, og alle prøvar har vore negative. Etter gjeldande retningslinjer vil isolasjon av eleven med positiv prøve bli oppheva i morgon, onsdag, seier smittevernlege Ståle Andreassen i Sveio kommune.

Vedkommande har også blitt testa på ny, og denne prøven er negativ. Det vil seia at prøven ikkje viser teikn til infeksjon.

– Dette, saman med at ein verken har fått ytterlegare positive prøvar – til tross for testing av relativt mange personar – eller har identifisert ein sannsynleg smitteveg, tilseier usikkerheit om det positive prøvesvaret var reelt, seier Andreassen.

Viktig å testa

Førekomsten av covid-19 i Noreg er no veldig låg. Som følge av dette kommuniserte FHI måndag til media at dette gir auka risiko for såkalla falske positive prøvesvar ved testing av asymptomatiske personer (personar som ikkje har symptom).

Det blir likevel vurdert som viktig at førekomst av eventuell smitte blir påvist, slik at ein kan minimera risiko for vidare spreiing.

– Det gjeld derfor fortsatt at ein skal ta kontakt med testsenteret i Aksdal for testing ved symptom på akutt luftvegsinfeksjon (feber, hoste og tung pust), og at ein held seg heime når ein er sjuk til éin dag etter symptomfridom, seier Andreassen.

Hugs smittevernreglane

Samstundes minnar smittevernlegen om at når samfunnet no gradvis opnar opp, er det viktig å framleis halda dei generelle smittevernråda: Vask hendene ofte, ha gode hoste- og nyserutinar og hald avstand.

Vikse skule opna som vanleg måndag, men dei som går i klasse med den smitta eleven hadde heimeundervisning måndag og tysdag.

Opnar for besøk igjen

Sveio omsorgssenter vart også midlertidig stengt for besøkande 20. mai som ein del av smittevernplanen til kommunen. Eit par av dei tilsette kunne knyttast til tilfellet på Vikse skule. Dei blei sett i karantene og testa saman med andre aktuelle personar.

–  Allereie før helga såg me at dette ikkje var eit «worst case»-scenario. Med kontroll på smitten, vil me no raskt opna opp igjen for besøk på omsorgsenteret, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio kommune.

Powered by Labrador CMS