nyhende

Sveio heilt i toppen i kommune-Noreg:

Kommunebarometeret plasserer Sveio kommune heilt i landstoppen. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) og rådmann Jostein Førre gir ære til dei tilsette for resultatet.
Kommunebarometeret plasserer Sveio kommune heilt i landstoppen. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) og rådmann Jostein Førre gir ære til dei tilsette for resultatet.

– All ros til dei tilsette

Kommunebarometeret er ein omfattande analyse av sentrale nøkkeltal i kommune-Noreg, som viser kva kommunar som driver best, og kven andre kan læra mest av. Sveio er heilt i toppen blant 356 kommunar – og det i det utfordrande korona-året.

Publisert Sist oppdatert

Plasseringane til Sveio kommune

Pleie og omsorg: 7. plass
Økonomi: 56. plass
Saksbehandling: 58. plass
Barnehage: 61. plass
Kostnadsnivå: 73. plass
Helse: 83. plass
Grunnskole: 103. plass
Miljø og ressurser: 104. plass
Barnevern: 140. plass
Vatn, avløp og renovasjon: 264. plass
Kultur: 265. plass
Sosialtjenesten 289. plass

Kjelde: Kommunebarometeret

For ordførar Linn Therese Erve (Ap) og rådmann Jostein Førre sin del, var rapporten, som kom i midten av august svært gledeleg lesnad. Aldri før har dei vore så høgt oppe i temperaturmålaren som Kommunal Rapport lagar til kvart år.

Sveio er ein kommune med nøkterne økonomiske rammer. Den solide 12. plassen har mange årsaker, då mange nøkkeltal på utvalde tenesteområde har blitt målte. Når det gjeld område for pleie og omsorg, er Sveio 7. best i landet.

Fokus over tid

– Me har hatt fokus på effektivitet og kvalitet i tenestene over tid, og godt samarbeid mellom politisk og administrasjonen har gitt gode resultat. Det viser at me får mykje igjen for pengane, seier Erve.

Førre er samd med ordføraren.

– Vårt mål er alltid å gi så gode tenester som mogleg innafor dei økonomiske rammene me har til rådvelde. Det har me gjort over lang tid, seier rådmannen, som synest det er utruleg kjekt å sjå at dei blir bedømte på ein bra måte.

Målretta arbeid for å leggja til rette for at eldre kan bu heime i eigen bustad lengre før dei eventuelt treng plass på omsorgssenteret er eit døme som har gitt god utteljing på barometeret.  Det har også vore sterkt fokus på lesing i skulen over tid.

Korte opningstider på biblioteket kan vera éi årsak til at Sveio scorar lågt på området kultur, likeeins at kommunen ikkje gir like mange pengar til idrett som mange andre gjer. Det handlar om moglegheiter og prioriteringar.

Opp 53 plassar

Erve og Førre er svært glade for den fine plasseringa Sveio har fått, som også er best i Vestland fylke. Tidlegare plasseringar har ikkje vore heilt av vegen, men årets resultat viser at Sveio kommune har klatra 53 plassar sidan 2019, då dei var rangert på ein 65. plass.

Åra er nok ikkje heilt samanliknbare, for frå 2020 var det 72 færre kommunar med i målinga som følgje av kommunesamanslåingar, utan at det lagar skår i gleda.

– Barometeret er eit bilde på at me har kvalitet på tenestene i kommunen, ikkje berre billege tenester, seier Førre.

Rosar tilsette

Dei to kan ikkje anna enn å rosa dei tilsette i kommunen, som i eit vanskeleg år har lagt inn mykje ekstra innsats med tanke på korona i tillegg til daglege oppgåver. For året 2020 er det snakk om 380 årsverk og i underkant av 500 tilsette.

Duoen håpar utmerkinga vil gi inspirasjon til dei tilsette, og at dei er stolte av å jobba i Sveio kommune.

– Me har dedikerte tilsette som gjer ein betydeleg innsats for å yta gode tenester innafor budsjettrammene. Eg håpar det vil gi motivasjon til framleis god innsats på dei ulike områda, seier Førre.

Grunnlaget i kommunebarometeret er offentlege tal, kommunerekneskap, SSB og andre kjelder. Nøkkeltala er henta frå 2020, men enkelte målingar kan òg vera eit snitt av dei siste tre åra.

Powered by Labrador CMS