nyhende
Lokale stemmer
Alfa beta er alfa og omega for ein sigma
For tida held eg på med å runda av ei lærarutdanning, og gjennom desse fem åra som vertande pedagog har eg tenkt ein god del, både inni meg og høgt, over kva lærargjerning og skulestell er og bør vera for noko.
Kvifor ungar skal gå på skule og læra allslags (kva nå dét i det heile tatt vil seia), er nå éi sak. Men kva dei skal gjera der og korleis utgjer jo også kontinuerlege diskusjonar om samfunnet vårt. Dette er like mykje eksistensielle som pedagogiske spørsmål for meg, både som lærar og elevmor.
Betryggande nok er det mange som har meiningar om innhaldet i grunnskulen, der framtida oppheld seg. Då er det naturleg at også lærarutdanninga blir drøfta. Eit ønske eg har høyrt mange lærarstudentar ytra, er meir «praksisrelevans». Med det meiner dei ofte «det me får bruk for». (Ofte også underforstått «det me ikkje treng å lesa eller å møta til undervisning for å læra».)
Eg har undra meg over dette kravet, som eg synest er nokså paradoksalt. Blant dei tusenvis av pensumsidene eg har lese gjennom desse åra, kan eg ikkje hugsa å ha komme over noko som eg ikkje kunne førestilla meg at kunne bli både nyttig og relevant ein eller annan gong.
Dessutan har det hendt at kunnskap eg sat på og som eg ikkje hadde føresett at skulle bli særleg «praksisrelevant», viste seg å bli svært så nyttig.
Ein gong fekk eg, som barn, for meg at eg skulle læra meg gresk.
Då hadde eg lenge hatt liggande ei tom skrivebok som det stod «MARIE LATIN» utanpå. Kor ideen om å læra seg latin på barneskulen kom frå, veit eg ikkje. I dag er det visst populært å gå rundt og tenka på romarriket, og det var kanskje ein tilsvarande fascinasjon for språkleg arv eg hadde.
Eg tenker ofte på latinske prefiks, men berre unntaksvis på keisarar og akveduktar. Når det berre blei med den tomme skriveboka, kom nok det av at eg ikkje kjende nokon eg kunne læra latin av eller med. Ikkje var det nokon fritidstilbod for oss som ville driva med denslags i staden for ballspel heller, det er ei ulempe med å veksa opp på bygda.
Greske reiseparlørar, derimot, fanst. Eg fekk meg etter kvart ein slik, endå det ikkje ville falle meg inn å reisa til ein så varm stad som Hellas. Men eg skal tilstå at også gresken blei liggande. Sjølv om imperialisme- og teknologihistorie ikkje opptok meg, hadde eg nemleg fort, etter å ha lese Sofies verden, blitt veldig interessert i antikk filosofi.
Eg innsåg at eg trass alt fekk avgrensa bruk for å kunna tinga salat og spørja meg fram etter butikkar dersom målet med å læra seg gresk eigentleg var å forstå meininga med tilværet og kva røynda er for noko. Men poenget i denne samanhengen er at alfabetet sat i. Og dét har eg fått bruk for.
Kven skulle trudd at det greske alfabetet skulle bli mitt aller mest verknadsfulle relasjonsbyggingsverktøy i møte med saboterande bråk og uro i klasserommet? Ingen. Me lærer ikkje eingong det greske alfabetet på lærarskulen, så det var jammen flaks at eg hadde det i bakhovudet.
Eg hadde lenge frustrert meg over at det verka heilt umogleg å læra seg klasseleiing og relasjonsbygging utan nokon ekstraår på teaterhøgskule. Men aldri har eg etablert ein så god kontakt med ei elevgruppe som den eg kunne forklara at ord som alfa og sigma var og betydde noko også utanfor deira sosiolingvistiske forståingshorisont – der orda først og fremst var nemningar på attråverdige personlege framtoningar.
Ein sigma er til dømes ein person som heng for seg sjølv på ein kul måte. Det er òg namnet på ein gresk bokstav, og det har ei rekke andre tydingar i andre samanhengar, forklarte eg. Det var visst kult å vita, og eg har valt å tolka kallenamnet eg enda opp med, i beste meining: Sigma.
Mitt råd til alle er difor uansett: Lær deg noko du ikkje veit om du får bruk for. Kanskje blir heller ikkje den kunnskapen det som skal openberra meininga med livet og verda for deg. Men det kan visa seg å bli nyttig. Det er dessutan ein måte å sjølv fylla tilværet med meining på.
Med det sagt: Meininga med livet er framleis heilt gresk for meg. Men eg kan i alle fall alfabetet.