nyhende

Alexander har plast på hjernen

Alexander heldt på å drukne i plast. Redninga blei å skrive ei bok for å finne ut kven han skulle vere sint på og om mikroplast faktisk drep oss akkurat no.

Publisert Sist oppdatert

Alexander Sandtorv har plast på hjernen. Akkurat det høyrest kanskje ikkje så spesielt ut sidan vi alle har litt mikroplast i hjernen, skal vi tru nyare forsking. Men Sandtorv har det også i overført betydning. Han tenker mykje på plast. Så mykje at han måtte få det ut på papir.

– Har du noko plast på deg i dag?

– Skal vi sjå. Skoa, klokka, telefonen. Og så auga då, seier doktoren i kjemi og peiker på linsene sine.

– Plast er fantastisk og det er her for å bli, slår han fast.

Vi kan ikkje leve utan det, men vi må bruke mindre av det. Vi får høyre at det er krise og at vi må skjerpe oss, men så går vi på butikken og der er alt pakka inn i plast. Det siste halvanna året har forfattar, podkastar og rikskjemikar Sandtorv reist landet rundt for å finne svar på det han kallar «plastparadokset» i boka med same namn. Det heile starta då han oppdaga at det var lagt plastark mellom kvar snei i kvitostpakken.

– Eg kallar det ei oppvakning. Ei tåke som lettar.

«Plastparadokset» er Alexander Sandtorvs femtande bok, og dessutan den han er mest stolt av. Håpet hans er at ho skal løfte plast som eit tema i innspurten av valkampen. – Eg trur eg er svartelista på Stortinget for eg har kjefta og kjefta på dei, seier han.

– Skjerpings!

Det er kanskje litt ironisk at vi har valt å møtast innandørs på plastutstillinga til Teknisk museum i Oslo, for å snakke om ei bok som handlar om kor mykje plast det er ute i naturen. Men her er vi altså.

– Korleis ville verda sett ut i dag viss vi ikkje hadde funne opp denne plasten?

– Eg trur ho ville vore betre. Då tenker eg ikkje på oss menneske, men på alt anna.

I boka skil Sandtorv mellom mikro- og makroplast. Makro betyr stor og er all plastforureininga som vi kan sjå med eigne auge. På spørsmål om det eigentleg er så ille svarer Sandtorv med eit rungande – ja.

– Det er skikkeleg ille. Vi snakkar om enorme kontinent av plast i verdshavet som er større enn Noreg i areal. Det er vanskeleg å ta det innover seg mentalt.

Bildekk er teknisk gir teknisk sett frå seg mikrogummi, men for enkelheits skuld kallar vi det mikroplast. I ein rapport på oppdrag frå Miljødirektoratet blir det rekna at landbaserte kjelder i Noreg slepp ut 19.000 tonn mikroplast per år. Dei to største utslippskildene er biltrafikk (41,6 prosent) og kunstgrasbaner (29,8 prosent).

– Men kvifor er det så mykje plast i naturen? Eg kastar aldri plast der.

– Ja, du seier det. Ingen av oss er jo problemet veit du. Oslo kommune er ueinig. Viss ingen har kasta den, så har den mystisk oppstått av seg sjølv. Når vi kjem til januar smeltar isen og då kryr det med plastavfall (i min by) rett utanfor der eg bur. Så skjerpings!

Eg merker at eg er på tynn is og må skifte tema.

Dårleg nytt

Makroplast er uansett gammalt nytt. Vi har vore klar over at hava våre renn over med plast sidan gåsenebbkvalen, seinare døypt «plastkvalen», skylde på land på Sotra i 2017. Obduksjonen viste at han var stapp full i plast. Likevel har vi ikkje klart å løyse problemet.

Men det siste året har det skjedd noko som kanskje kan få fart på plasttiltaka. Forskinga viser at plasten også påverkar oss menneske. Det er funne mikroplast i blodet vårt, lungene, hjernen, til og med i morsmjølk. Forskarane Sandtorv har snakka med i boka si fortel at journalistane berre spør dei om ein ting: «Drep mikroplast oss akkurat no?»

Strilen Alexander Sandtorv blir heiltent når han får sjå alt det gamle plastskrotet på utstillinga til Teknisk museum i Oslo. Han er sjølv frå Sotra der «Plastkvalen» blei funnen i 2017.

– Drep mikroplast oss akkurat no?

– Mest sannsynleg ikkje. Viss det hadde drepe oss hadde vi visst det. Så, jippi. Men det er nok ikkje godt nytt. Vi veit ikkje kor mykje vi toler før det begynner å bli farleg, seier Sandtorv

Éin type mikroplast er den som blir slipt ned frå makroplast. Ein annan er den som vi framstiller sjølv. Ifølge ein kinesisk studie kan eitt einaste gram ansiktsvask innehalde meir enn 50.000 mikroplastpartiklar. Sandtorv meiner vi må ta det med ei klype salt.

– Denne forskinga er ganske ny. Det er veldig sjeldan at studiar går rett frå forskingsfronten til framsida på VG. Kan du tenke deg nokre andre område enn plast der det skjer?

Ansvar etter makt

Ein raskt sjekk i søkemotoren Duckduckgo bekreftar at avisene er ganske opptatte av mikroplast. Sandtorv trur at folk slit med å vite kven dei skal kjefte på og føler seg makteslause overfor systemet. For han var eit mål med bokskrivinga å finne ut kor han skulle rette aggresjonen for plastarka han fann mellom kvitostsneiane.

– No er eg sint på dei rette personane. Eg er mest sint på politikarane og næringa. Og så er eg sint på meg sjølv. Vi er nøydde til å skalere ansvaret i forhold til den makta vi har.

– Alle er einige om at det er dumt med plastforureining. Kvifor har vi ikkje klart å gjere noko med det?

– Eg trur noko av det er latskap hos politikarane. Det er nok datagrunnlag til å gjere noko, men kjensla mi er at vi ventar på EU. Og så er det næringa – det er megabedrift å lage og selje plast og dei er redde for å gå med tap om dei skal legge om, seier Sandtorv.

Alexander Sandtorv har blitt 38 år og har bytta ut Cherrox med Adidas, men også dei kunne blitt vist fram på plastutstillinga på Teknisk museum i Oslo.

Han meiner likevel at vi som enkeltpersonar kan plukke den mest lågthengande frukta, som er å slutte med eingongsplast og sørge for at han ikkje hamnar i naturen.

– Alle har noko dei skulle gjort som dei utset. Sånn er dette for menneskeætta, og for Noreg også. Det er eit sånt problem som vi berre har sett på, som vi alle veit vi burde gjere noko med.

– Kva vil skje om vi held fram med plastbruken som vi har gjort fram til no?

– Nei. Vi kan ikkje det. Då er det krise på ekte. Sjølv om vi ikkje veit kva skadane er i dag, på dagens nivå, så tilseier alt at det blir verre jo meir det blir. Vi har all grunn, for vår eigen del, for barna våre og for planeten vår sin del til å få dette under kontroll. Det er heilt uforsvarleg, slår rikskjemikaren fast.

Powered by Labrador CMS