nyhende
Miljøvernforbundet følgjer opp eiga bekymringsmelding overfor kommunen:
Aktuelt med åtvaring mot Ålfjord-krabbe?
– Vil Sveio kommune åtvara folk mot å eta krabbe som er fiska i Ålfjorden, fram til det ligg føre fleire prøvesvar?
Der er styreleiaren i Miljøvernforbundet Hordaland, Tom Skauge, som stiller dette spørsmålet i eit brev til kommuneoverlegen i Sveio. Brevet blei sendt i går, torsdag.
Følgjer opp eiga melding
Miljøvernforbundet Hordaland følgjer dermed opp si eiga bekymringsmelding om miljøgift i krabbe frå Ålfjorden. Bekymringsmeldinga blei sendt til Statsforvaltaren i Vestland og Mattilsynet avdeling Sunnhordland og Haugalandet 14. april i år, og Sveio kommune fekk kopi. Kopien er registrert i kommunen si postliste 19. april.
– Kva har kommunen gjort?
Skauge viser også til avisoppslag om innhaldet i bekymringsmeldinga tidlegare i sommar.
– Er Sveio kommune i kontakt med Mattilsynet eller annan styresmakt for å sikra at dette blir følgt opp med relevante prøver og undersøkingar? spør han i brevet med referanse til kapittel 2-3 i folkehelselova.
Om ikkje kommunen har vore i kontakt med Mattilsynet om denne saka, vil Skauge vita om Sveio vil følgja opp bekymringsmeldinga sjølv eller i samband med andre styresmakter.
– Aktuelt å åtvara?
Leiaren i Miljøvernforbundet Hordaland spør også om kommunen vil åtvara eigne innbyggarar og besøkande mot å eta krabbe frå Ålfjorden inntil fleire prøvesvar ligg føre. Til slutt i brevet spør han kva kommuen vil gjera for å hindra vidare utslepp av miljøgifter til Ålfjorden.
På ferie
På grunn av ferieavvikling var det ingen i Sveio kommune som kunne kommentera brevet frå Naturvernforbundet Hordaland, korkje torsdag eller fredag.