nyhende

Speidargruppene tar med kanoar og kajakk – men redningsvest må du syta for sjølv denne gongen.
Speidargruppene tar med kanoar og kajakk – men redningsvest må du syta for sjølv denne gongen.

Aktivitetsdag på Strando og Rex Garden på søndag

Førstkomande søndag er det Finn fram-dag for heile familien alle andre som vil besøka Rex Garden og Strando.

Publisert Sist oppdatert

Sveio Orienteringslag saman med speidarane i Bua og Førde samarbeider om arrangementet som mellom anna tilbyr ei rundløype med åtte postar i det idylliske tur- og rekreasjonsområdet midt i bygda.

Aktivitetar og kviss

I rundløypa møter deltakarane ymse oppgåver innan orientering og i tillegg har nokre av postane aktivitetar som publikum får høve til å prøva. Speidarane tilbyr mellom anna kajakk og kanoar som kan prøvast i trygge omgjevnader. Men hugs å ta med eigen redningsvest. Av smittevernomsyn blir det ikkje høve til å låna denne gongen. På programmet står elles pilkast-tevling med premiering og kviss.

Finn Fram-dagen er tilrettelagt for store og små. Her er tre frå familien King Johannessen i ferd med å løysa kviss-oppgåver.

Premiering

Alle som gjennomfører rundløypa med dei åtte postane kan motta premie. Det blir også loddtrekking av premiar blant alle deltakarar som registrerer seg under søndagens Finn Fram dag.

Det blir høve til å kjøpa pølser i brød og bollar, saft og kaffi i grillhytta.

Koronsituasjonen gjer at arrangementet må forenklast noko denne gongen og alle må ta smittevernomsyn. Hald avstand og vask hender. Desinfeksjonsmiddel blir tilgjengeleg – bruk dette!

Vel møtt til ein trygg og triveleg aktivitetsdag i friluft!

Thomas Førde
Sveio Orienteringslag

Powered by Labrador CMS