nyhende
Aktivitetsanlegget skal vera klart til skulestart neste år
Små og store kan gle seg – ein aktivitetspark skal byggjast rundt Sveio skule. Anlegget vil bli innhaldsrikt og moderne, og vil komma mange til gode.
Prosjekt uteområde på Sveio skule skal setjast i gong som tilrådd av rådmannen og hovudutvalet for oppvekst og kultur. Det betyr at arbeidet med aktivitetsanlegget skal setjast i gong til våren, og vera klart til skulestart same år.
Tre parti i mot
Det stemde fleirtalet av kommunestyrepolitikarane for måndag kveld. Mindretalet, som etter det Vestavind kunne sjå, bestod av representantar frå FrP, Høgre og KrF. Bodskapen deira var den same som blei vedteke i formannskapet sist veke – dei ønskte ikkje å gå i gong med arbeidet før Sveio skule var heilt ferdigstilt, for å halda kontroll på økonomien.
Mange ba om ordet i saka. Det var Asle Halleraker frå Sveio Ap som fremja vedtaket frå hovudutvalet og dermed rådmannen si anbefaling.
Viktig for elevane
– Eg ser føre meg at dette er ei kjempeviktig sak for elevane sin del, dei er dei som skal bruka uteområdet i kvardagen sin, sa Halleraker.
Monica V. Valen frå Sveio Sp var einig.
– Anlegget må vera klart til skulerytmen til hausten. Eg trur det er viktig å oppretthalda kontinuitet for å halda budsjettkostnadane, sa Valen.
Rune Teikari frå Sveio FrP var den som la fram forslaget om at skulen skulle vera 100 prosent ferdig før arbeidet går i gong, og hadde ikkje endra meining sidan førre veke i formannskapet.
– Betyr ingenting for framdrifta
– Me vil ikkje stoppa prosjektet, men med så strenge rammer må me ha kontroll. Sprekk rammene, må me vita kva me vedtar – det er eit løp, og det er heilt ufarleg å få saka tilbake igjen, det betyr ingenting for framdrifta, sa Teikari frå talarstolen.
Halleraker i Arbeidarpartiet imøtekom tankane til Teikari, men kunne ikkje seia seg einig.
– Eg forstår Rune Teikari, men det handlar om progresjon. Eg er heilt samd med Senterpartiet – me tar ikkje ein fot i bakken no, me må fullføra løpet me har starta på. Me har skapt forventningar – me folkevalde må levera når ei sak er sett i gong, sa Halleraker.
Unødvendig diskusjon
Diskusjonen dreidde seg over på kva ungane skal ha som underlag på anlegget – fallgrus, gummi eller kanskje kork? Opplysningar om underlaget har vore i sakspapira, men har truleg ved ei misforståing blitt oppfatta som noko politikarane skulle ta stilling til.
Me oppsummerer diskusjonen med utdrag frå Ole-Ørjan Hov i Sveio MDG sitt innlegg.
– Er det riktig med ein slik type debatt i kommunestyret?
Etter eit gruppemøte, la Asle Halleraker i Sveio Ap fram eit forslag som seier at administrasjonen skal vurdera underlag, til det beste for brukarane. Dette fekk fleirtal.