nyhende

Aktiv helg for fotballglade barn

I helga var det full aktivitet på fotballbanane i Sveio sentrum, då Sveio IL arrangerte Tine fotballskule for 97 barn frå 6-12 år.

Publisert Sist oppdatert

– Me har hatt nokre flotte dagar saman. Fokus har vore å ha det gøy, seier leiar for fotballgruppa, Ine Salte Andersen i ei melding til Vestavind.

Det var unge instruktørar som stod for opplegget på banane, dei er medlemmer i ungdomsavdelinga i Sveio IL fotball. Det har blitt spelt mykje fotball, ete god mat og stifta nye kjennskap på tvers av skulekrinsar og alder.

– Då me delte ut diplomar var det fleire som sa at dei alt gleda seg til neste år og ny fotballskule. Betre referanse kan me vel ikkje få, seier Andersen. Ho ønskjer å retta ei stor takk til det store apparatet av frivillige, både trenarar og foreldre.

– Utan dykk hadde me ikkje klart dette, seier ho.

Powered by Labrador CMS