nyhende

Agnes Ravatn.
Agnes Ravatn.

Agnes Ravatn kan vinna internasjonal pris

Agnes Ravatn kan bli den første norske forfattaren til å vinna den internasjonale Dagger-prisen. Ravatn er blant dei fem finalistane til årets beste krimroman omsett til engelsk.

Ravatn er nominert for den siste romanen sin, Dei sju dørene, som blei utgitt på engelsk med tittelen The Seven Doors i 2020, fortel Samlaget i ei pressemelding.

Ravatn er den tredje norske forfattaren som har nådd finaleheatet til Dagger-prisen. Jo Nesbø og Jon Michelet har tidlegare vore nominerte. Vinnaren blir offentleggjort på eit arrangement frå London 1. juli.

Dagger-prisen blir utdelt årleg av den britiske krimforfattarforeininga, og er blant dei mest anerkjente internasjonale krimprisane.

Ravatn har gitt ut ei rekke bøker, både romanar og sakprosa, og fleire er omsette til mange språk. For Dei sju dørene vann Ravatn i fjor Bokbloggarprisen, og ho var også nominert til Rivertonprisen.

Powered by Labrador CMS