nyhende

Agnes Ravatn var ein av 96 kunstnarar i Vestland som fekk statens kunstnarstipend. Her frå ho fekk Bjørg Vik-prisen hausten 2025

Agnes Ravatn jublar for stipend

Agnes Ravatn er blant dei 96 kunstnarane i Vestland som får Statens kunstnarstipend i år. Forfattaren er tildelt eit toårig arbeidsstipend.

Publisert

Statens kunstnarstipend 2026

  • 96 kunstnarar i Vestland får statens kunstnarstipend i år.
  • Nasjonalt får 1.068 kunstnarar stipend.
  • Det kom inn 12.936 søknadar frå 5459 søkjarar.

  • Regjeringa har sett av 527 millionar kroner til ordninga

  • Statens kunstnarstipend er støtte som går direkte til kunstnarar.

  • Stipenda blir tildelte frå eitt til ti år, eller som diversestipend i form av ein eingongssum.

– Det er jo ei voldsom anerkjenning. Det er veldig få stipend og heng veldig høgt. Det blir jo litt som at staten seier: Me vil at du skal halda fram med det du held på med. Det gir veldig inspirasjon, seier Ravatn.

Det toårige arbeidsstipendet gir ei årleg utbetaling på rundt 342.000 kroner, noko forfattaren meiner gir større fridom i skrivearbeidet.

– Det gir ein ekstra tryggleik og ei ro. Du får eit månadleg stipend, og det gjer at du kan konsentrera deg fullt om å skriva og sleppa å tenka på å få endane til å møtast på andre måtar så lenge stipendet varer. Det gir ein fridom i den perioden det varer, seier ho.

– Eg held jo på kvar dag

Ravatn fortel at ho den siste tida har reist mykje rundt for å formidla litteratur, men at skriveprosjekta heile tida er i rørsle.

– Eg held jo på kvar dag. Det å skriva for meg er ein lang prosess, med mange blindvegar. Eg er i gang med ein ny roman, men det blir jo aldri heilt det eg har tenkt når eg byrjar, seier ho.

Ny motivasjon

Tildelinga har samstundes gitt henne ny motivasjon i arbeidet.

– Det er klart at dette gir veldig skrivelyst. Det å kunna vita at no har eg to år der eg berre kan konsentrera meg om å skriva, det er veldig godt, seier Ravatn.

– Du har med andre ord ikkje skrive di siste bok?

– Nei, det har eg absolutt ikkje, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS