nyhende

Agnes Ravatn gjorde som favorittforfattarane – flytta til bygda

Fleire av dei store norske forfattarane kom frå og hadde ei nær tilknyting til bygda heile livet, noko som viste att i forfattarskapen deira. Framstillinga av bygdelivet i norsk litteratur er likevel full av motsetnader.

Publisert Sist oppdatert

I 2015 flytta forfattar Agnes Ravatn til Valevåg i Sveio, etter å ha budd i Oslo og Bergen i 13 år. Først var opphaldet meint å vare seks månader. Ho og mannen hadde blitt foreldre, og skulle bu siste halvdel av permisjonen vekke frå Oslo.

– Vi leigde ut byleilegheita og flytta til eit småbruk som tilhøyrde bestemora til mannen min. Då halvåret var gått såg vi på kvarandre og sa «Vi kan ikkje reise tilbake». No har vi budd her i åtte år, seier Agnes Ravatn til Nynorsk pressekontor.

Bygdelivet er noko ho deler med fleire av Noregs største forfattarar.

Bjørnson, Hamsun, Hauge og Vesaas

Bjørnstjerne Bjørnson vaks opp i Nesset utanfor Molde, og budde seinare nesten femti år på garden på Aulestad utanfor Lillehammer.

Knut Hamsun blei fødd i Vågå, vaks opp på gard i grenda Hamsund i Nordland, og brukte nobel-pengane sine til å byggje ut garden Nørholmen utanfor Grimstad, der han budde og skreiv i sine siste 30 år.

Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas er òg to andre av våre store litterære forfattarar, som til liks med nobel-vinnarane Bjørnson og Hamsun, hadde nær tilknyting til dei små samfunna dei kom frå.

Ravatn trur at mykje av «det enkle livet på bygda», tiltrekkjer og held forfattarane der – i motsetnad til bylivet.

Eit liv utan stor distraksjon

– Det er noko ved det enkle, rutineprega livet utan distraksjonar som passar meg. Distraksjonane her er meir å gå ut og gjere noko i hagen eller plukke sopp. I Oslo var det mykje som freista og det blei vanskeleg å sitte inne og skrive ein heil dag. Eg kan faktisk ikkje seie eg saknar noko i byen, utanom ein del venner.

Det er òg ei større inspirasjonskjelde å bruke til forfattarskapen.

– All litteratur handlar om konflikt – om det er bygd eller by – men på bygda kjem ein kanskje tettare på konfliktane. Bygda er eit mikrokosmos. Ho er oversiktleg, men har sine spenningar og intern logikk, med eigne reglar som er ulike frå stad til stad. Eg blir sjølv inspirert av å bu her, for idear til konfliktar kjem nærare. I Oslo var eg del av eit kulturmiljø, som er ei slags boble der folk er samde med kvarandre, deler verdiar og har éin stilretning som gjeld. På bygda kjem eg tettare på ulike perspektiv, livssituasjonar og verdiar. Diskusjonane her er ofte friskare og fleire. Eg opplever difor bygda som meir mangfaldig enn livet mitt i byen var, seier Ravatn.

I 2013 skreiv Agnes Ravatn romanen i Oslo «Fugletribunalet». Handlinga i romanen var lagt til ein liten vestlandsk fjordarm, med mange naturskildringar. Det trur ho var eit teikn på at ho lengta tilbake.

Bygda som inspirasjonskjelde

– Mange av dei beste forfattarane våre kjem frå bygda – som Garborg, Hamsun og Vesaas – og trass i at dei fleste etter kvart flytta til meir urbane strøk, har dei halde fram å ha historiene sine til bygdesamfunnet dei kom frå. Bygda er ein kunstnarisk kjelde, seier John Brumo.

Brumo er professor i nordisk litteratur ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU. Han meiner òg at det norske bygdelivet har blitt meir synleg i norske kulturuttrykk i nyare tid.

– Til dømes får Stein Torleif Bjella fortent ros for sine lyriske skildringar av einsame menn i Bygde-Noreg, suksessen til TV-serien «Rådebank» gir oss eit nytt og positivt samtidsbilde av rånekulturen og i Marit Eikemos novellesamling «Hardanger» skildrar ho korleis draumen og realiteten om bygda kolliderer.

Det enkle og det øydeleggjande

Men dette er ingenting nytt. Motsetnaden av by og land har lange litterære tradisjonar.

– For 2000 år sidan skreiv den romerske poeten Juvenalis om Roma «Kva skal eg i Roma, eg som aldri har lært å lyge eller smiske?». Allereie på den tida kunne ein altså skildre at byen var ein stad for falske menneske, medan menneska på landet var «ærlege og oppriktige», seier Brumo.

Framstillinga av motsetnaden mellom by og land har alltid vore skiftande. Frå det rolege, enkle livet på bygda, til det øydeleggjande.

– Forfattarar har hatt fleire måtar å framstille bygdesamfunn på. Tor Jonsson og omgrepet hans «bygdedyret» er mest kjent, der det kollektive presset i lokalsamfunnet driv den sårbare outsideren til å ta livet sitt. Så har du skildringa av meir positive bygdesamfunn, som vi til dømes kan finne fleire spor av i den tidlege forfattarskapen til Tarjei Vesaas.

Identitetsskapande

Forholdet mellom litteratur og bygdesamfunn er heller ikkje unikt for Noreg. Brumo meiner at det spesielle med den norske litteraturen er at det ikkje er stor prestisje i å vere frå urbane strøk – slik det er i andre land.

– I Noreg gir det derimot identitet og karakter å vere frå bygda. Til dømes hadde ein forfattar som OIav H. Hauge neppe skrive det same om han budde i Oslo. Det gir han ein eigen identitet å vere frå Hardanger, og det har klart forma forfattarskapen hans, meiner Brumo.

I 2013 sat Agnes Ravatn i Oslo og skreiv romanen «Fugletribunalet». Ho hadde då budd fleire år i hovudstaden. Likevel var handlinga i romanen lagt til ein liten vestlandsk fjordarm, med mange naturskildringar. Det trur ho var eit teikn på at ho lengta tilbake til bygda.

– Mange av favorittforfattarane mine har vakse opp på mindre stader. Nokre har budd heile livet på ein liten plass. Sjølv kjenner eg at eg, som kjem frå ei lita bygd, har den kulturen med meg uansett kvar eg reiser, seier Ravatn.

Powered by Labrador CMS