nyhende

– Dersom du med viten og vilje kjøper svart arbeid, risikerer du å bli meldt til politiet, advarer skattekrimsjef Erik Nilsen. FOTO: SKATTEETATEN
– Dersom du med viten og vilje kjøper svart arbeid, risikerer du å bli meldt til politiet, advarer skattekrimsjef Erik Nilsen.

Advarer mot å kjøpa handverkstenester på døra

– Seier du ja til slike tilbod, risikerer du å bidra til å støtta arbeidslivskriminalitet. I tillegg kan det bli ein dyr affære, seier skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten.

Publisert Sist oppdatert

Nilsen frårår alle forbrukarar å kjøpa handverkartenester som blir tilbode på døra, både for din eigen del, men også for samfunnet.

– Dette er aktørar som bevisst unndrar skatt og avgift i millionklassen og utnyttar arbeidstakarar mens forbrukarane føler seg lurt og sit igjen med – i beste fall – dårleg utført handverksarbeid. Det beste for deg som forbrukar og for samfunnsøkonomien, er at du ikkje kjøper tenester av slike aktører, sier han.

Kan få store konsekvensar

I ei pressemelding frå skatteetaten blir det vist til at konsekvensen av å bruka useriøse handverkarar kan bli stor.

Fair Play Bygg er en organisasjon som jobbar for å hindra arbeidslivskriminalitet og fremma den seriøse byggenæringa.

– Kvar sommar blir me kontakta av fortvila huseigarar som har trudd at dei har gjort gode kjøp av handverkartenester, men som ender opp med skadar på hus utført av ukvalifisert arbeidskraft. Mange blir utsett for press for å betala store beløp til svindlarar. Då må folk reklamera på arbeidet og få ein kvalifisert handverkar til å retta opp skadane, Noko som ofte blir svært dyrt, fortel dagleg leiar Lars Mamen.

Du kan bli medansvarleg

Betalar du over 10.000 kroner kontant, risikerer du å bli medansvarleg for manglande betalt skatt og avgift på arbeidet.

– Og dersom du med viten og vilje kjøper svart arbeid, risikerer du å bli meldt til politiet, mogeleg straff, samt inndraging av verdien på gevinsten ved dette kjøpet, advarer skattekrimsjef Nilsen.

Sjekk sjølv

I tillegg til kontroll er rettleiing av forbrukarane ein viktig del av Skatteetaten sitt arbeid.

Du som forbrukar bør sjekka mykje meir enn at verksemda har eit organisasjonsnummer når du skal hyra handverkar. Offentlege etatar og bransjeorganisasjoner har laga ein grundig rettleiar som tar deg gjennom stega på kva du som forbrukar bør sjekka.

På skatteetaten.no/tettpa/veileder finn du ein konkret rettleiar for korleis du skal gå fram for å kjøpa handverkertjenester.

På handlehvitt.no kan du lesa meir om korleis du generelt kjøper tenester trygt.

Powered by Labrador CMS