nyhende

Ad Libitum – frå PopKORn til konsertar med artistar som Ole Paus

Ad Libitum kviler ikkje på laurbæra, og har heller ikkje gjort det dei siste 40 år. Korjubilanten har nytt program kvart år. Bortsett frå ein song: «O helga natt». Den høyrer med under Sveio kyrkje sin julekonsert.

Publisert Sist oppdatert

Konsertar og turar

Det er ei imponerande liste med eigne konsertar og reiser Ad Libitum kan sjå tilbake på sidan 30. september 1983:

November 2023: Konsert med Maria Solheim, Sveio barnekor og Andre Eide (piano) i Sveio kyrkje.

Mai 2023: Ad Libitum i Nederland – konsert i Sjømannskyrkja.

April 2023: PopKORn – 40-årsjubileumsfeiring. Ad Libitum, Andre Eide (piano) og Bjørn Schille (gitar) i Soknehuset i Sveio.

Mars 2020 – august 2022 covidpermisjon

November 2019: «Det begynner å bli et liv» – Ad Libitum og Sveio barnekor, Ole Paus (vokal/gitar), Svein Ragnar Myklebust (tangentar), Ole Jakob Hystad (sax),Torbjørn Økland (gitar) og Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass) i Sveio kyrkje.

Mai 2019: Ad Libitum-tur til St. Petersburg. To konsertar i St. Michael’s Cathedral og Feodorovsky Cathedral.

Apr 2019: Ad Libitum og Ingrid Furdal (piano) – vårkonsert Sveio kyrkje.

Sep 2018: Ad Libitum, Sigvart Dagsland (vokal/piano) og Torjus Vierli (tangentar) konsert i Sveio kyrkje.

Oktober 2017: Salmekveld med Edvard Hoem, Henning Sommerro og Ad Libitum i Valestrand kyrkje.

Mai 2017: Ad Libitum og Ingrid Furdal (piano) – tur til Færøyane og konsertar i Havnar kirkja og Vesturkirkjan.

April 2017: Ad Libitum og Ola Bremnes konsert i Sveio kyrkje. Kristin Skaare (tangentar), Torbjørn Økland (gitar) og Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass).

Mai 2016: Nordiske perler med Ad Libitum i Vigdartun. Kristoffer Tangen (piano) og Rudolf Fredly (bass).

Desember 2015: Stjerna fra øst – Ad Libitum, Geirr Lystrup og Moskva Balalaikaensemble i Sveio kyrkje.

April 2015: Musicals med Ad Libitum i Vigdartun. Svein Ragnar Myklebust (piano), Jostein Marø (gitar), Rudolf Fredly (bass) og Vicky (vokal).

Desember 2014: Julekonsert i Sveio kyrkje. Ad Libitum og Sveio barnekor med Kristoffer Tangen (tangentar), Rudolf Fredly (bass) og Steinar Alvsaker (orgel).

September 2014: Salmer med Ad Libitum og Egil Svartdal i Valestrand kulturkyrkje.

Mai 2014: Ad Libitum til London. Konsert i St. Giles-in-the-Fields.

April 2014: Konsert – Alf Prøysen 100 år. Ad Libitum, Elin Prøysen og  Egil Johansson i Sveio kyrkje.

Desember 2013: Julekonsert. Ad Libitum, Sveio barnekor og Det norske Fest Orkester i Sveio kyrkje.

April 2013: PopKORn i Vigdartun. Ad Libitum og Ruben Espelid (vokal), Kristoffer Tangen (tangenter) og Torfinn Torsen (bass).

Mai 2012: «Kilden» –  Ad libitum, Kjell Habbestad (orgel). To konsertar i Island Bustada kirkja og Hallgrimskatedralen på Island

April: 2012 «Kilden» – norske folketonar i Sveio kyrkje. Ad Libitum og Kjell Habbestad (orgel).

November 2011: Christina Bjordal med band, Ad Libitum og Sveio barnekor i Sveio kyrkje.

Desember 2010: Julekonsert med Karmsund Brass, Ad Libitum og Marlen Tjøssvoll i Avaldsnes kyrkje.

November 2010: «Ein koffert full av salmebøker».Ad Libitum syng salmar i Valestrand kulturkyrkje.

Mai 2010: Norske folketonar, Ad Libitum og Ingrid Furdal på tur til Budapest, Ungarn. Konsertar i Varosmajori Reformatus Templom og Fasor Reformed Church

April 2010: PopKORn i Vigdartun (to konsertar) med Ad Libitum, Jan Ingvar Toft, Svein R Myklebust (tangentar) og Jostein Marø (gitar).

April 2009: Ad Libitum og Rita Eriksen i Vigdartun (to konsertar) med Svein Ragnar Myklebust (tangentar) og Jostein Marø (gitar).

September 2008 :«Nåde over nåde» – Iver Kleive (orgel) og Knut Reiersrud (gitar), Ad Libitum og Sveio songlag i Sveio kyrkje.

Mai 2008: Perler frå bedehuset – tur til Riga i Latvia,  med to konsertar i Sv. Jana baasnica og Jezus draudze.

April 2008: «Perler frå bedehuset» i Sveio kyrkje. Ad Libitum, Sølvi Heimestøl (vokal), SR Myklebust (tangentar) og J Marø (gitar).

November 2007: : «Vær hilset» (Petter Dass) – Ad Libitum og Bremnes Kantori med Ola Bremnes (vokal),  Nils Økland (fiolin), Torbjørn Økland (gitar), Kristin Skaare (piano) og Kjetil Lundø (bass). Tre konsertar : Sveio kyrkje, Bremnes kyrkje, Vår Frelsers kyrkje i Haugesund.

Mars 2007: PopKORn – Hits frå  70- og 80-talet i Vigdartun, to konsertar. Ad Libitum, Svein Ragnar Myklebust, J Marø, Harald Helland (flygel) og blåsegruppe.

Mai 2006: Kilden – Norske folketonar i Dublin, Irland. Ad Libitum, Kjell og Ida Habbestad. Konsertar i Whitefriar Street Church og St. Patrick’s cathedral.

April 2006: «Kilden» – Norske folketonar. Ad Libitum og Berit Opheim (vokal), Kjell (orgel) Ida Habbestad (fløyte). Tre konsertar i Sveio Kyrkje, Nysæter kyrkje og Bremnes kyrkje.

April 2005: PopKORn – Hits frå  70- og 80-talet i Sveio sambrukshus. Ad Libitum,  Svein Ragnar Myklebust, Jostein Marø, RATO og Marianne Natås.

Desember 2004: «Stjerna frø øst» – ei juleforteljing av og med Geirr Lystrup (vokal og forteljar), Sølvi Heimestøl (vokal) og Moskva Balalaika Quartet og AL i Sveio og Nysæter kyrkje.

Februar 2004: «Tryggare kan ingen vara» – Lina Sandell (100 år). Anita Skorgan (vokal), SR Myklebust (tangentar), J Marø (gitar) og AL. Tre konsertar i Sveio kyrkje,  Norheim kirke,  og Nysæter kyrkje.

Desember 2003: Julekonsert med Hanne Krogh (vokal) og Sveio barnekor i Sveio kyrkje.

Mai 2003: Norwegian folk tunes to Praha  (arr. K. Habbestad). Ad Libitum, the Habbestad ensemble og Kjell (orgel), Ida (fløyte), Erlend (chello), Ingvild (fiolin). Tre konsertar i Sv Jilji katedral, Salvatora katedral og Jacubi katedral

Mars 2003: PopKORn – Hits frå  70- og 80-talet. Ad Libitum, Svein R Myklebust og J Marø i Sveio Sambrukshus.

Desember 2002: Julekonsert med Hanne Krogh og Sveio barnekor i Valestrand kyrkje.

November 2002: Landstad oratorium (200 år) av Kjell Habbestad, AL , Habbestad ensemble og Njål Sparboe (vokal). To konsertar i Sveio og Skjold kyrkje.

Februar 2002: PopKORn – Musicals i Sveio sambrukshus med Ad Libitum og Haugesund Revyorkester.

Desember 2001: «Mitt hjerte alltid vanker» i Sveio kyrkje. Ad Libitum, Jan Ingvar Toft (vokal), Unni Hilt (vokal), J Hustveit (slagverk) , SO Herstad (tangent) og C Welde (gitar).

Feburar 2001: PopKORn – Hits fra  70- og 80-talet i Sveio sambrukshus. Ad Libitum og Haugesund Revyorkester.

Juni 2000: Norwegian Folk tunes to Scotland (arr: K Habbestad) Ad Libitum og Habbestad ensemble. Tre konsertar i i Edinburg Cathedral, Stirling Cathedral og Dunblane Cathedral.

Februar 2000: PopKORn – Hits fra  60- og 70-talet i Sveio Sambrukshus. Ad Libitum og Haugesund Revyorkester.

Mars 1999: Ad Libitum og Morten Arnesen. Tre konsertar i Skåre kirke, Bremnes kyrkje og Sveio kyrkje

November 1998: KorTi’ (jazz-hits) i Sveio Sambrukshus. Ad Libitum og Hordaland fylkesmusikarar.

September 1998: Salmer av Svein Ellingsen tonesett av K. Habbestad. Ad Libitum og Habbestad ensemble i Sveio og Nysæter kyrkje,

Februar 1998: «DÅM» – norske folketonar. Ad Libitum & Sondre Bratland (vokal), Nils Økland (fiolin), Sigbjørn Apeland (orgel). 2 konsertar i Bremnes kyrkje og Sveio kyrkje

November 1997: Svingande  folketonar frå Ryfylke. Ad Libitum, Rønnaug Foss Alsvik (vokal) og Hetland trio i Sveio kyrkje.

Mai 1996: «Min yndige Bergen» – Hansadagene, Petter Dass-salmer (350 år). Ad Libitum, Bremnes kantori, Ola og Kari Bremnes og orkester i Johanneskyrkja i Bergen.

Mars 1996: «Vær hilset« – Petter Dass salmer (350 år) Tre konsertar i Sveio, Bremnes og Åkra kyrkje. Ad Libitum, Bremnes kantori, Ola Bremnes (vokal), Bjørn Andor Drage (orgel), Thorbjørn Økland (gitar) og Nils Økland (fiolin).

November 1995: Petter Dass-salmer i Førde kyrkje. A Halvorsen (obo), D Halvorsen (cello), O J Furdal (tangent), Turid Bakke Braut (vokal) og  Ad Libitum.

Mai 1995: Bjørn Eidsvag og Ad Libitum i Sveio kyrkje.

Mars 1995: Musikk og mosjon – Ad Libitum på Ryvarden.

November 1994: «Musikalekspressen».  Hordaland fylkesmusikarar, Ad Libitum og Sveio songlag i Sveio Sambrukshus.

Mars 1994: Musikk & mosjon – Ad Libitum på Ryvarden.

Oktober 1993: Ad Libitum 10-årsjubileums konsert i Nysæter og Sveio kyrkje.

Mai 1993: Ad Libitum 10-årsjubileums konsert i Lom.

Mai 1993: Syng med oss på Førde skule.

Mars 1993: Musikk og mosjon – Ad Libitum på Ryvarden.

Juni 1991: Equador a la SKRUK, Brandasund og Sveio.

Mai 1990: Konsert  – Ad Libitum på Espevær.

Mars 1989: «Sing unto the Lord a new song». Urframføring av Svein Hundsnes sitt verk. Ad Libitum og Førde Musikkorps i Førde kyrkje.

Mai 1988: Ad Libitum og Bytunet Antikvariske Jazzensemble. Negro spirituals i Sveio kyrkje.

Februar 1988: Bytunet Antikvariske Jazzensemble, Ad Libitum, Duplo og Good News. To konsertar Kopervik og Nedstrand.

Mai 1987: Konsertreise til Ryfylke Førde kyrkje (april), Høyland og Hjelmeland.

Mars 1987: Konsert i høve SR-bank Suldal sitt 75-årsjubileum i Suldal kyrkje.

Oktober 1986: «Nå tennes tusen julelys» – kassettinnspeling Sveio med Ad Libitum og Krystall.

September 1986:  «Visst skal våren komme» og spirituals. Konsert med Ad Libitum i Suldal kyrkje.

April 1986: Sør-afrikanske folketonar med Anders Nyberg Duplo, Good News og Ad Libitum i Torvastad kyrkje.

Sept 1985: Sør-afrikanske folketonar med Anders Nyberg Duplo, Good News og Ad Libitum på Olavsskulen.

April 1985: Arne Domnerus kvintett, samt tre kor – Duplo, Good News og Ad Libitum. Bengt Hallberg (tangent), Arne Domnerus (sax), Georg Riedel (bass), Rune Gustafson (gitar), Egil Johanson (slagverk). Tre konsertar – Stord, Gann og Vår Frelsers kyrkje

November 1984: Ad Libitum med Halgeir Frydenlund (blokkfløyte) i Sveio kyrkje.

Mars 1984: Bytunet Antikvariske Jazzensemble, Ad Libitum, Duplo og Good News i Vår Frelsers kyrkje.

September 1983: Ad Libitum vart skipa på Sveio bedehus.

Det heile starta 30. september 1983. I starten var det 12-15 personar som ville synga i Ad Libitum, men det vaks raskt på seg til 20-25. No har det vore 30-35 songarar ganske lenge, og koret har også medlemmer frå Karmøy og Tysvær.

Per Bjørn Habbestad stifta blandakoret, og han har vore leiar og dirigent gjennom alle 40 åra. Me må spørja om han også er styret.

– Me har eit styre, og det er som regel einstemming, svarar han med eit smil og glimt auga.

– Me har også allmøter i koret, og då blir styret si avgjerd kalibrert på ein god måte, legg han til.

Løftar songen til noko meir

Habbestad er den einaste som har vore med i Ad Libitum samanhengande frå starten. Ad Libitum er latinsk og betyr til behag.

– Det er noko spesielt med kor. Ein treng ikkje vera solist, og 30 røyster gir ein flott klang. Det skjer noko frå individ til kollektiv, og ein løftar songen til noko meir når ein syng saman, seier han.

Vestavind møter Habbestad og bass Asbjørn Natås i Sveio kyrkje før siste øving til konserten med Maria Solheim. Det har vore ein del av konseptet til Ad Libitum i mange år å samarbeidar med kjente artistar og musikarar.

Har samarbeidd med mange artistar

Konsert med Sigvart Dagsland i Sveio kyrkje i september 2018.

Lista er lang, og Habbestad meiner det er umogeleg å velja ein konsert som den mest spesielle. Me nemner difor nokre artistar koret har samarbeidd med: Ole Paus, Kari og Ola Bremnes, Hanne Krogh, Sigvart Dagsland, Bjørn Eidsvåg, Sondre Bratland, Rita Eriksen, Iver Kleive og Knut Reiersrud. Lista med alt Ad Libitum har fått til finn du annan stad i saka.

Å samarbeida med artistar er ein sjanse å ta økonomisk, men sveibuane og andre møter opp, og så langt har det gått bra.

– Eg er sikkert litt inhabil, men eg har eit inntrykk av at sveibuane er litt imponerte og begeistra for å ha eit amatørkor som gir gode konsertopplevingar saman med profesjonelle musikarar, seier Natås.

Det har han truleg rett i, for konsertane til Ad Libitum trekker godt med publikum. Også konsertane utan kjende artistar. Mogelegvis heng det saman med at ingen konsertar er like.

Stadig nye prosjekt

Her frå konsert i april 2013 med Ruben Espelid som gjestesolist og Sigmund Pedersen til høgre. Pedersen er koret sin faste noteskrivar, reservedirigen og tidlegare korpianist,

– Me har det som arbeidsform å stadig jobba med nye prosjekt. Når me er ferdig med eitt, går me vidare med eitt nytt. Me er ganske varierte i kva musikk me syng. PopKORn med poplåter frå ulike årtier, musikalar, folketoner, salmar og ein heil del anna. Det me gjort minst av er klassisk seier Habbestad.

Koret er så heldig at dei i mange år har hatt med seg Sigmund Pedersen, sveibu som for tida held seg mykje i Bergen. Han har vore sentral både som note- og arrangementskrivar, reservedirigent og pianist.

– Det er ganske fantastisk. Me seier kva me har lyst til å synga, og Sigmund ordar noter og skriv korarrangement for kva som helst, fortel Natås.

Frå omsorgssenteret til  St. Petersburg

Aktivitetsnivået er høgt, og forutan konsertar dei arrangerer sjølv, er koret med på julekonserten i Sveio kyrkje, opptrer på Sveio omsorgsenter og bidrar på bedehus, julemesser og liknande gjennom året. Men det er konsertprosjekta som er det viktigaste, og dei tar Ad Libitum også med langt utanfor Sveio sine grenser. Både på Haugalandet og ut i verda.

– Me har det veldig sosialt i koret, og anna kvart år reiser me på tur. Då øver me inn eit program og held konsertar der me reiser. Me har vore ein del i Noreg, men også mykje i Europa. Mellom anna Nederland, Island, Færøyane, Skotland, Irland og Ungarn, fortel Habbestad.

– Det har vore store opplevingar å få synga i kyrkjer og katedralar med fantastisk akustikk som i Praha og St. Petersburg, seier Natås.

Fellesøving med barnekoret

Oppvarming er ikkje berre synging men også litt fysiske øvringar.

Medan me sit og pratar, gjer Sveio barnekor og dirigent Tiril Birkelid seg klare til fellesøving med Ad Libitum og Maria Solheim.

– Me har samarbeidd med Sveio barnekor i alle år. Til glede for dei, og til glede for oss. Barnekoret har også fostra talent som har gått vidare med song- og musikkarriere etter at dei vart vaksne, fortel Habbestad.

Solheim og Ad Libitum sin faste pianist, Andre Eide, er også på plass. Eide blir sendt av sjefen ned til soknehuset for å sjå om dei vaksne koristane ventar der. Medan dei finn vegen til kyrkja, er vår tilmålte tid snart over. Og for dei vaksne ventar ei økt på tre timar. Slik er det rett før konsertar. Ganske intenst.

– Me øver torsdagar på soknehuset, og vanleg øvingstid er to timar med ein god pause. Då er det kaffi, god mat og god drøs, seier Natås.

Vil gjerne ha fleire medlemmer

Snittalderen er godt over 50, og ein heil del i koret har vore med i mange år. Med ein og anna pause innimellom.  Det siste året har det kome til fleire nye, yngre songarar, og medlemmene er no frå 25 til vel 70 år.

– Me treng ikkje fleire medlemmer, men vil gjerne ha fleire. Får eg tips om nokon som er interessert ,er eg snar til å ta kontakt. Alle som har lyst til å prøva seg er velkomne, seier Habbestad.

– Har de opptaksprøve?

– Ikkje opptaksprøve, men me ventar at du har eit visst gehør og treff tonane rimeleg bra. Men du treng ikkje synga så godt at du kan vera solist. I eit kor har me bruk for alle stemmer, avsluttar Habbestad.

Neste år ventar ei heilt spesiell oppgåve for koret. 2. juni skal Ad Libitum saman med Bremnes Kantori delta på avslutningskonserten i Moster Amfi for det nasjonale 1000-årsjubileet som markerer at det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster.

Powered by Labrador CMS