nyhende
Ad Libitum byr på PopKORn igjen
Likar du gode poplåtar, korsong og quiz? Då er Soknehuset rett staden i helga.
Laurdag ettermiddag byr Ad Libitum på PopKORn igjen, og det kan bli høg allsongfaktor med det det publikum har i vente. På programmet står det eit knippe med flotte og kjente poplåtar frå mellom andre Leonard Cohen, Freddy Mercury, Art Garfunkel, Elton John og Bjørn Skifs.
14-åring skal synga
Koret som sin faste pianist, Andre Eide, er som alltid med. Han skal også ha eigne pianoinnslag, og koret sitt yngste medlem, Mathias Kinn (14), byr på solosong.
Her blir det i tillegg moglegheit for litt hjernetrim med quiz, og ikkje minst ein god kaffidrøs. Dette blir ein kjekk ettermiddag for heile familien, og barn under 15 år kjem gratis inn.
Mange store konsertopplevingar
Ad Libitum, dirigert av Per Bjørn Habbestad, har samarbeidd med profesjonelle musikarar og solistar i mange år. Mellom andre artistar som Ole Paus, Rita Eriksen, Hanne Krogh, Ola Bremnes, Bjørn Eidsvåg, Anita Skorgan, Sondre Bratland, Geirr Lystrup, Iver Kleive, Knut Reiersrud, Jan Toft, Nils og Torbjørn Økland, for å nemna nokre.
Koret har gitt publikum mange flotte konsertopplevingar opp gjennom åra. No er det altså tid for gjensyn med populære PopKORn med litt lausare snipp.