Olje- og energiminister Terje Aasland er tysdag i Polen for å opne gassrøyrleidningen Baltic Pipe som skal forsyne Polen og Danmark med gass frå Noreg. Stian Lysberg Solum / NTBFOTO: NPK
Aasland: – Ingen indikasjonar på at det kan komme angrep mot norsk sokkel
Ifølgje olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) er det per no ingenting som tyder på at det kan komme angrep på norske gassrøyrleidningar.
NPK-NTB: – Vi har ingen indikasjonar på at det kan komme angrep mot norsk sokkel. Tryggleiken rundt norske olje- og gassinstallasjonar er veldig høg, seier Aasland til NTB.
Tysdag kom nyheita om at gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 lek like utanfor den danske øya Bornholm i Austersjøen. Røyra fraktar gass mellom Russland og Tyskland.
– Vi ventar no på nærare informasjon av kva som er årsaka til desse lekkasjane, seier Aasland.
Både Danmark og Sverige har tysdag sett krisestab.
På spørsmål om regjeringa vil gjere noko etter meldingane om gasslekkasjar, viser Aasland til olje- og gasselskapa.
– Dei har eit sjølvstendig ansvar for å handtere tryggleiken på sokkelen og stabiliteten og føreseielegheita i gassleveransane. Selskapa har stor merksemd på tryggleiken. Vi støttar dei sjølvsagt i dette, men det er selskapa som har ansvaret.
Både Tyskland og Polen mistenkjer at gasslekkasjane kjem av sabotasje. Russland vil ikkje sjå bort frå at sabotasje ligg bak. Danmarks statsminister Mette Frederiksen har sagt at lekkasjane neppe har oppstått tilfeldig.
Både Fredriksen og Aasland har tysdag vore i Polen for å opne gassrøyrleidningen Baltic Pipe, som gjer at Polen blir heilt uavhengig av gass frå Russland.