nyhende

Olav Østebø Olsen er gruppeleiar i SV – Sosialistisk Venstreparti. Foto: Privat
Olav Østebø Olsen er gruppeleiar i SV – Sosialistisk Venstreparti.

– Å vera «ja-kommune» høyrest positivt ut, men det er ikkje alt me bør seia ja til

Kva blir den viktigaste saka for deg i 2025? Kven av dine politiske motstandarar likar du å debattera med? Det er to av spørsmåla gruppeleiarane i Sveio svarar på.

Publisert Sist oppdatert

Politikarane svarar

Namn: Olav Østebø Olsen

Alder: 30 år

Bustad: Børkjeland, i Vikse-krinsen

Parti: SV – Sosialistisk Venstreparti

– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2025?

– I 2025 vil eg jobba vidare med å tala naturen si sak i stort og smått. Å vera «ja-kommune» høyrest positivt ut, men det er ikkje alt me bør seia ja til. Me politikarar i Sveio er altfor dårlege til å sjå naturinngrep i ein større samanheng. I kommunestyret høyrer eg ofte at me ikkje kan ta oss råd til å stilla krav, fordi me då vil tapa i konkurranse med andre kommunar. Den idéen vil eg til livs. Me må evna å sjå verdiane rundt oss, sjølv om me har litt dårleg sjølvtillit. Den vakre halvøya vår har mykje meir å tilby enn berre ledig plass.

– Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?

– Det viktigaste eg har jobba for i 2024, er å nedskalera planane for den nye europavegen gjennom kommunen. Eg håpar at endå fleire etter kvart vil sjå den enorme øydelegginga dette prosjektet vil føra med seg. Og ikkje berre for naturen. Samfunnsøkonomisk vil prosjektet som er under planlegging no bety svimlande høge kostnadar, for marginal nytte.

– Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattera med, og kvifor?

– Mine fremste motdebattant er vel veteranen Mikal Møller Hovda (H). Han har eg gode og hyppige ordskifter med i Hovudutval teknisk/næring (HTN), der han sit som leiar. Eg skulle nok ønska at me var einige litt oftare. Det kunne heilt sikkert han ha tenkt seg òg. Men oss imellom får me i alle fall sett på sakene frå fleire sider!

– Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framheva?

– Skal eg framheva berre éin, så må det bli Kjartan Moe Hustvedt (MDG), min sidemann i kommunestyresalen. Som meg er han «eineståande representant», utan partifeller å støtta seg til i kommunestyret. Det veit eg godt at krev sitt, men Kjartan er kar til det.

Eg har hatt gleda av å stå side om side med denne svært fornuftige mannen under mange røystingar. Ikkje reint sjeldan har me stått der som del av mindretalet, og det har vel skjedd ein og annan gong at det berre var oss to! Kjartan er heil ved, og at han har fått sin plass i kommunestyret gjer Sveio-politikken rikare.

– Kven vinn stortingsvalet til hausten og kvifor?

– Ein nøktern analyse av dagens rikspolitiske situasjon ville vera for dyster lesnad til å eigna seg på trykk i denne søte juletid. No handlar mykje om å tru på mirakel. La meg derfor setja fram denne lystige spådommen:

Ein gong på seinvinteren blir politikarane på venstresida ferdige med å skoda inn i eigen navle, og kjem på offensiven med eit positivt bodskap. Entusiasmen smittar, og utover våren minnest kommentatorane meiningsmålingane i 2024 som «det mørkeblå blaffet».

Ballen sluttar ikkje å rulla i sommarmånadane, og når me kjem til september er det tydeleg at det nye Stortinget vil bli ildraudt og lauvgrønt som aldri før. Morgonen etter valet gir kongen oppdraget med å danna ny regjering til Kirsti Bergstø.

Powered by Labrador CMS