nyhende

Etter 42 år som forfattar, har Marit Kaldhol blitt festspeldiktar for Festspela i Ørsta. Foto: Peder Skjelten / NPK
Etter 42 år som forfattar, har Marit Kaldhol blitt festspeldiktar for Festspela i Ørsta.

– Å skrive kort er krevjande

Det er enklare å skrive tusen ord enn ti, meiner festspeldiktar Marit Kaldhol. Men ho vil heller la lesaren leggje si eiga tolking i tekstane hennar enn at ho forklarar alt sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Marit Kaldhol har fått æra av å vere festspelforfattar på Festspela i Ørsta i år og kan sjå attende på eit 42 år langt forfattarskap.

– Eg har ikkje heilt funne retninga mi. Når eg ser på andre forfattarar som veit kvar dei skal frå første bok og held seg til ein gjennomført stil, sjanger og tema kjenner eg meg ikkje igjen. Sjølv likar eg å prøve noko nytt for kvar nye bok eg skriv, fortel ho til Nynorsk pressekontor.

Kaldhol debuterte i 1983 med diktsamlinga «Lattermilde laken» og har sidan gitt ut lyrikk, barnebøker, ungdomsbøker, romanar og novellesamlingar. Skrivestilen hennar er enkel og direkte, med korte og greie hovudsetningar.

Ho kjem frå bokmålsbyen Ålesund, men fann fram til den nynorske målforma si gjennom slekta på Hareid og ein far som var nynorskjournalist i Sunnmørsposten.

Marit Kaldhol seier mykje med få ord.

Dei rette orda

No 70 år gamle Kaldhol har levd eit lesande og skrivande liv. Ho blei tidleg påverka av Tarjei Vesaas og den vare måten han tolka relasjonar mellom menneske og naturen, med dei riktige orda. Utan at det var så mange.

– Der er forfattarar som skriv romanar på 800–1000 sider, men utan at noko sit igjen i lesaren fordi alt i boka har blitt overforklart. Når teksten er meir open, kan lesaren leggje sitt eige inn i han og gjere han til sin. Med Tarjei Vesaas sit det igjen mykje som ein tek det med seg vidare i livet. Men det er vanskeleg å skrive ope og kort. Det er enklare å skrive tusen ord enn ti. Det vanskelege er å skrive dei få, rette orda, forklarar festspeldiktaren.

Å bruke få ord, har derimot ikkje gjort at Marit Kaldhol har hatt berøringsangst for dei store og vanskelege temaa i livet. I bøkene skriv ho om død, mobbing, kjærleikssorg og å bli forlaten.

– Det er så mykje eg ikkje vil skrive om, for det interesserer meg ikkje å skrive om fjas og moro og tull og sånt. Eg tenkjer at ein skriv om det som er viktig, og som ein ser rundt seg.

Samspel

I biletboka «Farvel, Rune» frå 1986 fortel Marit Kaldhol om ei jente som opplever at ein leikekamerat døyr. Boka har sidan blitt omsett til ein stad mellom 15 og 20 språk. Å fortelje om barn som døyr, var uhøyrd på den tida då boka blei publisert.

– Kjæledyr kunne døy, men ikkje barn. Det var ikkje eg klar over, men skreiv det likevel. Då eg var ung opplevde eg at ein gut i nabolaget mista broren sin. Reaksjonen frå den guten sat i meg lenge, og kom fram då eg skulle skrive boka. Opplevingane hadde vore i meg og modna, og blei naturlege å ha med.

Årets tema på festspela i Ørsta er Samspel. Marit Kaldhol meiner det litterære landskapet på sitt beste er ein kollektiv samtale om delte erfaringar.

– Då snakkar ein om dei tinga som er vanskelege og problematiske, og dei tinga som er gode. Om det får nokre til å forstå at alle menneske er i same båt, då er det verdt noko. Å skjøne at vi er saman om å kave oss gjennom livet på denne kloden, og få ei oppleving av at vi ikkje er åleine.

– Ser du ein mangel på samspel blant oss?

– Pandemien gjorde noko med ungdommen. Likevel er eg mest bekymra over at dei er så opptekne av å vinne over kvarandre. Eg trur ikkje vi får gode liv på den måten, av å bli best, eller vinne samtalar. Det er feil måte å nærme seg livet på, seier Marit Kaldhol.

Powered by Labrador CMS