nyhende
Å seie frå seg odelsretten: Frå tabu til samtaletema
Maria Lavik meiner det bør vere mindre tabubelagt å snakke om odelsrett og vere open for å selje familiegarden. Ho er sjølv odelsjente og har i mange år kjent på skam over å skulle velje bort garden.
Det er august i hovudstaden. Gatene er prega av spente studentar. Kanskje har mange av dei nett flytta til byen.
Midt i Oslo-gryta ligg redaksjonslokala til avisa Vårt Land. Ein av journalistane her er Maria Lavik (40). Eigentleg er ho odelsjente frå Eksingdalen i Vaksdal kommune, men for nesten 20 år sidan tok studietilværet også henne til Noregs største by. Og her har ho blitt.
I mange år har Lavik levd med det ho kallar to identitetar: Ei Bymaria som er skribent og ei Bygdemaria som kanskje skal ta over familiegarden.
No har ho skrive boka «Odelsskam» som har hjelpt henne med å gi slepp på ein av dei to identitetane.
Folketomme gardar
– Eg har skamma meg over å ikkje ha teke over garden. Eg har skamma meg over å bu i byen, jobbe i media og ha stor avstand til matproduksjon. Eg lever ikkje eit liv i tråd med ideala eg hadde som ung, svarar Lavik på spørsmålet om kva ho legg i omgrepet «odelsskam».
Lavik vaks opp i ein familie der verdiar som sjølvberging og praktisk arbeid var i fokus. Kampen for at bønder skal ha gode livsvilkår og kampen mot sentralisering er tankesett som prega oppveksten hennar.
Dei siste åra har Lavik sjølv følt seg som ein del av utviklinga familien hennar har kjempa imot. Ho er ein av utflyttarane som har blitt verande i byen og tenkjer på seg sjølv som ein del av grunnen til at postkontor, skular og butikkar blir lagt ned i distrikta og at gardar står tomme i Bygde-Noreg.
Mellom 2000 og 2020 har nemleg busettinga i byar og tettbygde strøk auka med 30 prosent , medan folketalet i distrikta har gått ned med seks prosent.
Samstundes har talet på gardsbruk i drift i Noreg gått ned med 23 prosent dei siste 15 åra. I dette tidsrommet er det blitt 90.000 færre personar som bur på landbrukseigedom, trass at folketalet har auka med nesten ein halv million menneske. 30.500 gardar har i dag bustadhus utan at nokon bur der.
Ein del av løysinga på denne utviklinga trur Maria Lavik er å fjerne tabuet rundt odelsretten.
Sal av garden
– Odelslova har hatt fine resultat på den måten at bønder er sjølveigarar og at det ikkje er store selskap som har makt over jorda. Men samstundes skaper odelslova ei forventning om at ein skal halde jorda i familien, sjølv om det ikkje er det livet arvingane eigentleg vil ha.
Lavik trur at frykta for at garden ikkje lenger skal høyre til familien gjer at ein blir sittande å vente og håpe at ein nær eller fjern slektning «tek til fornuft», noko som gjer at det i mange bygdesamfunn står tomme gardar, at gardsbruk ikkje er i drift eller at landbrukseigedommen blir brukt som hytte.
Skribenten håpar no å bidra til at det blir mindre tabu å diskutere alternativet og selje garden ut av familien.
– I staden for at ideen om å selje er heilt fjern kan ein sjå på dei beste løysingane for å gjere dette. Ein kan spørja seg kva ein kan gjere som familie for å framleis ha tilknyting til garden, samstundes som at nye folk kan kome til.
Lavik meiner at det er viktig å tenkje utover sin eigen familie, og heller sjå på kva som er det beste for lokalsamfunnet – og det beste for at alle familiemedlemmar skal ha det bra.
Dragkamp mellom bygd og by
Det å snakke ope om framtida til familiegarden er ifølgje Lavik viktig for å unngå at odelsjenter og -gutar skal ha skuldkjensle for å ikkje ville ta over garden og med det utset å ta framtidsavgjersler.
– Det blir gjerne slik når barna i familien har flytta frå garden for så å koma heim på besøk eit par gongar i året; då skal ein iallfall ikkje snakke om vanskelege ting som odelsrett og framtidsutsikter.
Sjølv har Maria Lavik følt seg dratt mellom kvar ho kjem frå og kvar ho er i dag.
– Det handlar ikkje om press direkte frå familien min, men at eg hadde eitt verdsbilde når eg vaks opp, men no lever eit heilt anna liv med andre ideal rundt meg.
Trass at det for Lavik også har føltest fint å ha eitt bein i kvar leir, meiner ho det er godt om garden kan bli seld, dersom andre vil bu der.
«Å skrive er din odel»
Bestefaren til Lavik – representanten for den 14. generasjonen i familien som har drive garden – gjekk bort for ei tid tilbake. Under gravferda fekk ho nokre ord frå gamlerektoren sin som ho aldri vil gløyme.
– Å skrive er din odel, sa ho. Det var ei nåde i dei orda. Dei viste meg at det er ein plass eg høyrer til og at livsgjerninga mi er å skrive.
I arbeidet med å skrive boka har Maria Lavik dykka ned i si eiga slektshistorie og dei femten generasjonane som har forvalta garden ho kjem frå. Då blei ho merksam på ei rekke forfedrar som har vigd livet sitt til andre ting enn gardsdrift. Ein av dei grunnla Noregs Mållag. Ein annan sat på Stortinget for Venstre. Namnesyster hennar, Maria Lavik, var feminist som på slutten av 1800-talet kjempa for at kvinner skulle få stemmerett.
– Det er derfor det no er viktig for meg å skrive på nynorsk, jobbe med saker som handlar om distriktspolitikk og no skrive om garden og familiehistoria mi. Sjølv om eg seier nei til å ta over garden, seier eg ikkje nei til fortida og arven min.
Bur ikkje i byen på tull
For Lavik har det vore ein gradvis prosess å finne ut om ho ville nytte seg av odelsretten eller ikkje.
Arbeidet med å skrive boka gjorde at ho landa på avgjerda om å ikkje bli gardbrukar. Foreldre, tre yngre brør, onklar og tanta er no informert om at Lavik ikkje skal ta over. Trass i at praten er teken, er det framleis usikkert kva som skjer med familiegarden. Men ein ting er sikkert:
– Eg vil ikkje ta over. Eg vil ikkje flytte heim.
Når Lavik får spørsmål om ho har slått seg til ro med valet vender ho blikket mot den blå himmelen og myser tenkjande, før ho lyser opp.
– Ja. Ja, eg tykkjer det er veldig fint. Det har vore deilig å ha desse to identitetane. Samstundes er det løgnaktig.
Å få bukt med odelsskamma handla for Maria Lavik om å bli flink til å ta sitt eige liv på alvor. Lenge føltest det nemleg som ho budde i Oslo på tull, men no har ho innsett at ho ikkje berre bur her mellombels, men at det er i hovudstaden ho skal vere og leve livet sitt med alt det inneber.