nyhende
«A-laget» tilbake på TV-skjermen 1. oktober med sterk gjesteliste
Når NRK-serien «A-laget» er tilbake i andre runde 1. oktober, er Erling Braut Haaland, Atle Antonsen, Linn Skåber og Chirag frå Karpe blant gjestene.
Fotballspelaren Erling Braut Haaland er første gjest ut. Han opnar seg ikkje berre om fotballiv og familie, men også om hårolje, dødsangst, trenaren Pep Guardiola, sjekketriks og middag med Spiderman når han møter Reporterane til a-laget.
I serien viser kjende personlegdommar nye sider av seg sjølve og svarer ope og ærleg på «originale, kritiske og filterlause spørsmål», ifølgje omtalen. Reporterane er på spekteret og har ulike funksjonsvariasjonar.
– Programma er både overraskande, rørande og veldig morosame. A-laget utfordrar alle dei har på besøk, og nokre av dei mest kjende personane i landet byr på ukjende sider av seg sjølv, seier eksekutiv produsent Marie Sjo i NRK, og skryter av innsatsen til reporterane.
Sesong to med åtte episodar har premiere onsdag 1. oktober i NRK TV og på NRK1.
«A-laget» var først å sjå i romjula i fjor og vart sett av 1,2 millionar.
Dette blir dei nye gjestene spurde om:
- Influensar Sofie Steen Isachsen (8. oktober) må takle spørsmål om anger og utanforskap, morsrolla og livet som pensjonist.
- Atle Antonsen (15. oktober) må svare for seg når det gjeld alt frå sinnemeistring og alkoholforbod til danseskule og temaet mjuk mann.
- Chirag Patel (22. oktober) får spørsmål om alt frå smykke og fastelavnsbollar til krokodiller, kjærleik og krangel med Magdi.
- Henriette Steenstrup (29. oktober) fortel om forelsking, dating og forfølging – og kvifor ho drap ein gullfisk.
- Noregs rikaste, Gustav Magnar Witzøe (5. november), må svare på spørsmål om alt frå modellposering og kjolar til benkpress, angst og knuste draumar.
- Linn Skåber (romjula) blir konfrontert med snorking og søppel, kjærast, jodling og eit liv etter døden.
- Sistemann ut – Leo Ajkic må svare på alt frå mordarar og fengslar til romantikk, støvsugarar og liv på andre planetar.