nyhende

Mange vel å avregistrere bubilar og motorsyklar når det ikkje er sesong til å bruke køyretøya. Men gløymer ein å påregistrere det før det igjen blir teke i bruk, kan det koste deg dyrt. Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK
Mange vel å avregistrere bubilar og motorsyklar når det ikkje er sesong til å bruke køyretøya. Men gløymer ein å påregistrere det før det igjen blir teke i bruk, kan det koste deg dyrt.

Å gløyme å påregistrere køyretøyet kan koste deg dyrt

Mange avregistrerer køyretøyet før vinteren kjem, i påvente av ein ny sesong. Men gløymer du å registrere køyretøyet før du bruker det, kan det bli svært dyrt.

Publisert Sist oppdatert

Med våren like om hjørnet blir køyretøya henta fram frå vinterdvalen – det kan vere til dømes bubil, motorsykkel eller hobbybil. No minner Statens vegvesen om viktigheita av å påregistrere køyretøyet før ein legg ut på vegen igjen.

– Om du bruker eit køyretøy som er avregistrert, får du eit gebyr på 5000 kroner. Dersom du blir involvert i ei ulykke med eit uforsikra køyretøy, kan du i tillegg bli halden økonomisk ansvarleg og få milliongjeld, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Å registrere køyretøyet kan ein mellom anna gjere på nettsidene til vegvesenet. For å påregistrere køyretøyet må du ha gyldig forsikring.

– Sjølv om skilta er på, er det ulovleg å køyre med eit avregistrert køyretøy, seier Lasse Stentorp Haugen, kontorsjef i Statens vegvesen.

Powered by Labrador CMS