nyhende

Vil du seia nei til Meta og KI må du gjera det i eige skjema. Me har oppskrifta.
Vil du seia nei til Meta og KI må du gjera det i eige skjema. Me har oppskrifta.

Å dela kjedebrev er til inga nytte

Den siste tida har det florert eit kjedebrev på Facebook der det blir påstått at ved å dela det, seier du nei til at Meta kan bruka innehald på sida di til KI-opplæring. Det nyttar ikkje. Under finn du ei oppskrift frå Medietilsynet på korleis du kan stoppa Meta frå å bruka innhaldet ditt.

Publisert Sist oppdatert

Frå 26. juni skal Facebook bruka bildene me legg ut til å trena opp kunstig intelligens – KI (eller AI på engelsk: artificial intelligence) – med mindre du seier nei. Medietilsynet har difor laga ein enkel rettleiar dersom du ikkje ønsker at ditt innhald skal bli brukt til å trena opp KI.

Slik seier du nei til Meta:

1. Logg inn via nettlesar (ikkje app).

2. Gå til denne lenka: https://www.facebook.com/help/contact/6359191084165019

3. Dersom du er innlogga som i punkt 1, vil du sjå eit skjema med informasjon om kva som blir brukt. Om du ikkje er innlogga, får du beskjed om å logga inn.

4. Vel land, fyll inn e-postadressa di, og skriv ei grunngjeving for kvifor du ønsker å protestera mot at Meta brukar informasjonen din til KI-læring. Grunngjevinga kan vera bekymring, ubehag, eller eit ønske om å ha kontroll over innhaldet ditt. Du trenger ikkje å skriva langt eller formelt.

5. Trykk «Send inn». Eit pop-up-vindauga dukkar opp, og der må du skriva inn ein kode som du får tilsendt på oppgitt e-postadresse. Sjekk søppelpost og fjern alle filter i innboksen. Avsendaren er: Facebook (notification@facebookmail.com).

6. Skriv inn den 6-sifra koden (gyldig i 1 time) og send inn.

7. Du vil få ein e-post med svar.

Datatilsyn i Europa undersøker

Meta har med andre ord ikkje bede om samtykke til å trena KI på bilda dine, og av den grunn kan det vera brot på personvernlovgivinga i Noreg og Europa.

Datatilsynet samarbeider aktivt med europeiske datatilsyn for å undersøka saka. Dersom Datatilsynet kjem fram til at dette faktisk er ulovleg, kan dei stoppa Meta. Du finn ei tilsvarende oppskrift for Instagram på Instagram-profilen @Medietilsynet.

Powered by Labrador CMS