nyhende

Solceller er i vinden som aldri før, seier Trine Kopstad Berentsen i Solenergiklyngen. Foto: Solenergiklyngen
Solceller er i vinden som aldri før, seier Trine Kopstad Berentsen i Solenergiklyngen.

9.000 solcelleanlegg i sving

I 2021 vart kring 2.400 nye solcelleanlegg kopla til straumnettet i Noreg. Med dette er over 9.000 anlegg i drift på private bustader, nærings- og kontorbygg og små landbruksbedrifter.

Publisert Sist oppdatert

– Auken er formidabel, men veksten har berre så vidt byrja, seier dagleg leiar Trine Kopstad Berentsen i Solenergiklyngen.

Den totale kapasiteten på solkraftproduksjon auka i fjor med 30 prosent, til 45 MW, viser tal frå NVE.

Mykje tyder på at veksten blir minst like stor i år. Denne vinteren og våren har satsinga på solenergi teke heilt av, fortel Kopstad Berentsen.

– Vi ser ei ekstrem tilførsle, med byggeboom både på private bustadtak og næringsbygg. I tillegg veks fleire store bakkeanlegg fram, og bønder over heile landet går saman om å finna nye løysingar på straumkrisa, seier ho.

Solenergiklyngen organiserer 100 aktørar innan solenergi. Klyngeleiaren ser at straumprisrekordar og krig i Europa har fyrt godt opp under solcelle-marknaden. I tillegg har Enova auka støtta slik at privatpersonar no kan få opp til 47.500 kroner i tilskot når dei legg solceller på taket.

– Folk vil ikkje lenger vera avhengige av stat og store aktørar, dei vil varma opp huset sitt og lada elbilen med eigen straum. Ei anna aukande kundegruppe er bønder, til dømes er løysinga aktuell for grønsakprodusentar som står der utan straumstøtta andre har fått. Sjølvbergingsprinsippet står generelt sterkt i landbruket, no også innan kraftforsyning, seier ho.

Kraftselskapa slit

Det tek berre eit par dagar å montera eit solenergi-anlegg på ein bustad. Større næringsanlegg blir bygde på nokre veket, og bakkemonterte på to-tre månader. Men for kunden kan ventetida likevel bli lang.

– Det er fleire flaskehalsar som bremsar, i tillegg til at ventetida på montering no er aukande. Folk må også venta kanskje 8–10 månader på svar om nettkapasitet og løyve frå kraftselskapet sitt for de største anlegga, seier klyngeleiaren.

Denne kapasiteten varierer, og det er heller ikkje laga noko heildekkande kapasitetskart, som i Danmark.

– Oppkopling tek difor tid, og med dagens skattar og avgifter er det heller ikkje lønsamt å selja tilbake til lokale kraftselskap. Difor byggjer folk no ofte berre på ein liten del av taket sitt, i staden for å kunna produsere og levere til fleire, seier Kopstad Berentsen.

– Fryktar straumselskapa å mista kundar og marknader?

– Det er nok difor dei er skeptiske. Alle endringar gjer vondt, særleg for dei som må omstilla seg i ein tradisjonell og lønsam marknad, seier ho.

Solenergiklyngen inkluderer likevel fleire kraftselskap.

– Mange store og også nokre av dei mindre og lokale deltek saman med oss i arbeidet for meir solenergi. Her er mykje å henta også for eksisterande kraftprodusentar, til dømes ved å bruka solenergi til å halda vassturbinane i gang i tørre sesongar, seier ho.

Skattefritt, støyfritt og raskt

Mykje kan bli lettare for både enkeltkundar og solklyngebransjen når EU no kjem med nye regelverk for sal og kjøp av små mengder privatprodusert straum.

– Det opnar for å selja utan skattar og avgifter, til dømes innan eit mikronett i eit nabolag. Sidan batteriløysingane også stadig blir billigare, vil lokal samproduksjon kunne bli veldig gunstig, seier Kopstad Berentsen.

Utbygging av større felt solceller er som regel mindre konfliktfylt enn utbygging av til dømes støyande og fugledrepande vindmøller på land eller sjø.

– Solanlegg er raske å få i drift, dei kan gøymast inne ein skog eller i nedlagde grustak. Det bråkar ikkje, og kan gjerne kombinerast med beiteområde – då kan ein gjerda inn og dermed også stenge rovdyr ute. Sol-utbygging skal gjerast slik at det lønnar seg for grunneigaren også, ikkje skaper problem.

Solenergiklyngen jobbar no også med å få på plass ei rettleiing om korleis grunneigarar som vil byggja større bakkeanlegg bør gå fram, og med å samla både politisk stønad og velvilje frå embetsverket.

18.000 nye jobbar i distrikta

Erik Stensrud Marstein er forskingssjef og leiar gruppa Solpark hjå IFE, Institutt for energiteknologi, og ser vekst i solcelleinteressa over heile landet.

– Noko av det fine med solenergi er også spreidd sysselsetting. Ein kan ikkje sitja i Oslo og senda montørar 20 mil av garde kvar dag, seier han og peikar på at solkraft er den energikjelda som sysselset mest per produsert kWh straum.

– Vi reknar med at det blir skapt minst 18.000 årsverk berre med installasjon i Norge fram mot 2040. Dette er basert på NVE sine kraftmarknadsprognoser, seier Marstein.

– Så dette er noko folk i mindre urbane strøk bør satsa sparepengane på?

– Det skader ikkje å sjekka litt kring lokale behov. Ein av dei fine tinga med solcellepanel er at sjølv om det krev fagkunnskap, er det relativt greitt å montera og vedlikehalda, seier han.

– Bittersøt haust

Når straumprisane no fell, er det også fordi fleire i vår del av verda får dekka behova sine frå solenergi. Marstein er som dei fleste spent på korleis sommaren i år vil endra kraftmarknaden neste vinter.

– Med uflaks får vi ein tørr vår og sommar, og då ein ganske bittersøt haust: vassmagasina våre er slunkne før ein ny lang vinter. Med betre utbygd solkraft kunne vi ha produsert ein større del av straumen med solkraft, og utnytta den store fordelen i at vasskrafta er enkel å lagra i magasin.

– Kvifor er ikkje denne løysinga høgare på tiltakslista?

– Det er eit godt spørsmål. Solkraft er raskt og ofte ganske konfliktfritt å bygga ut, spesielt på store tak. I tillegg blir det stadig meir lønsamt også i Noreg. I Sverige og Danmark byggjer dei no ut i voldsom fart.

– Ei mogleg forklaring på at ei såpass god løysing ikkje står høgare på agendaen her heime, kan væra at mykje av dagens strategi for utvikling av fornybarnæringa er basert på selskap som allereie eksisterer. Det tykkjer eg personleg er skummelt. Eg skulle ønskje vi hadde litt større tru på at vi kan skapa heilt nye selskap og næringar som kan sysselsette stadig fleire av dei svært kompetente menneska i bransjar som skal fasast ut framover, seier Erik Stensrud Marstein.

(©NPK)

Erik Stensrud Marstein, forskingssjef og leiar for Solpark-gruppa på Institutt for energiteknologi.

Fakta om Solcelleklyngen

• Solenergiklyngen er ei foreining av om lag 100 aktørar innan solenerginæringa i Noreg.

• Hovudmålet deira er å utvikle og skape ein industri kring berekraftige solenergiløysingar, og dei ser føre seg Noreg som eit internasjonalt samlingspunkt for testing og utvikling av slike.

• Solenergiklyngen er finansiert gjennom det nasjonale programmet for næringsklynger, Norwegian Innovation Clusters, finansiert av Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og SIVA.

Falta om IFE

• Institutt for energiteknikk (IFE) vart etablert i 1948 som Institutt for atomenergi (IFA), men har på 2000-talet satsa tungt på solcelleforsking.

• Solbygget på Kjeller er ein av dei største investeringane IFE har gjort.

• Med bidrag frå Forskingsrådet og industripartnere jobbar dei også med framstilling av krystallinsk silisium, det viktigaste materialet for framstilling av solceller.

Powered by Labrador CMS